Hopp til innhold

Her slepp ikkje lengre ordføraren inn på puben

Den einaste puben i Sauda vil ikkje lengre servere dei under 20. Det betyr at ordføraren må nyte pilsen heime.

Sauda

SAUDA: Eit treningssenter og ein idrettshall er no det einaste tilbodet igjen i Sauda for dei under 20.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Etter kommunevalet i oktober blei Håvard Handeland Noregs yngste ordførar. 19-åringen held det øvste setet i Sauda kommune i Rogaland.

Men frå måndag av har ikkje den unge ordføraren lengre moglegheit til å nyte ein pils ute på byen.

For den einaste utestaden i bygda har sett opp aldersgrensa frå 18 til 20 år.

– Det er ikkje verdas undergang for min del, seier Håvard Handeland.

– Då blir det pils og saksdokument i stua eller kjellaren, held ordføraren fram med litt glimt i auget.

Saka blei først omtalt av Ryfylke. VG har også omtalt saka.

Få sosiale møteplassar

– Eg forstår vurderinga og har respekt for det dei gjer. Men eg synest likevel det er urettferdig at alle no blir stengd ute, når problematikken berre gjeld nokre få, understrekar Handeland.

Handeland fortel at han gjennom hotelleigaren har fått høyre om enkeltepisodar der unge har oppført seg ufint.

Håvard Handeland tidenes yngste ordfører

Ordførar Håvard Handeland blir rett nok 20 om ikkje så lenge.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Men det er nok gjengs for dei fleste pubbar at det er litt sjau, seier han.

Sauda har rett under 5000 innbyggjarar. Når puben hevar aldersgrensa, vil treningssenteret og ein idrettshall vere det einaste tilbodet som står igjen for dei under 20.

– Men det fenger ikkje på ein laurdagskveld. Det eine er stengt, og den andre er mørk. No blir alt meir uorganisert. Det aukar faren for andre ting, seier Handeland.

Kritiserer ikkje, men problematiserer

Som mange andre distriktskommunar slit Sauda med å halde på ungdommen.

– Sauda er ein liten plass, og vi veit at sosiale møteplassar er viktige.

Ordføraren understrekar at han ikkje ønsker å kritiserer avgjerda til Hotell Kløver, som driv puben i Sauda, men ønsker å problematisere ho.

Det er summen at dei positive og negative assosiasjonane til heimplassen som avgjer om folk hyttar heim igjen, meiner ordføraren.

– Når ein mistar eit sosialt tilbod så mistar ein positive assosiasjonar til heimplassen.

Nokon få som øydelegg

Hotelldirektør Jan Normann Nordbø seier at hevinga av aldersgrensa hovudsakeleg handlar om spritsal og dårleg oppførsel.

Han understrekar at dei ikkje har lyst til å gjere det, men at ungdommen oppfører seg dårlegare no enn før.

– Det har vore litt tull med dei, seier Nordmann Nordbø.

– Det er nokon få som øydelegg, held han fram.

Normann Nordbø seier at dei må heve aldersgrensa for å ha tilstrekkeleg kontroll over alkoholsalet og oppførselen til dei besøkande.