Hopp til innhold

Rasar mot statsbudsjettkutt: – Dobbelt så dyrt med glutenfritt

STAVANGER (NRK): Eva Risa betaler dobbelt så mykje for dei glutenfrie varene sine samanlikna med dei vanlege. No kjempar ho for at cøliakarar skal få behalde stønaden som den er i dag.

Eva Risa

PRISFORSKJELL: NRK fekk bli med Eva Risa på handletur. I venstrehanda held ho dei glutenfrie matvarene sine, i høgrehanda dei vanlege produkta.

Foto: Hanne Høyland / NRK

– Glutenfri mat har vorte litt billegare, men det hjelper ikkje når det framleis er veldig mykje dyrare, seier Eva Risa.

Eva Risa

Eva Risa har hatt cøliaki i 7 år, og blir veldig sjuk utan glutenfri mat.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Ho har cøliaki og er ein del av eit større opprop som har vakse fram på nettsida opprop, etter at det vart kjent at regjeringa ønsker å kutte i støtta til folk som må ha glutenfritt kosthald. Så langt har over 8000 signert.

Regjeringa kuttar 93 millionar kroner i støtta, men skal framleis bruke ein halv milliard på støtteordninga. I dag er det i underkant av 30.000 personar som får støtte. Regjeringa grunngir kutta med at glutenfri mat har vorte billegare.

– Dei med cøliaki skal framleis få støtte til glutenfritt kost. Glutenfrie produkt har vorte stadig meir utbreidd i norske butikkar, samtidig som prisane har falle. Men vi merkar oss òg korleis dei som blir råka av denne endringa reagerer på forslaget, seier Margret Hagerup (H), som sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

Margret Hagerup

Margret Hagerup (H), styremedlem i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

Foto: Ingeborg Haarr

Oppsiktsvekkande handletur

Risa ønsker å bevise at eit glutenfritt kosthald er mykje dyrare. Derfor inviterte ho NRK med på ein handletur, der målet var å handle inn vekeforbruket hennar av glutenfrie varer og samanlikne det med vanlege produkter.

Ho måtte betale litt over dobbelt så mykje for dei glutenfrie varene sine.

Gulutenfritt mot vanlig

Handleturen viser at Risa må betale 309,1 kroner i ekstrautgifter. Nokon av produkta i den vanlege korga er såkalla «billigprodukter», men dette har ikkje Risa høve til å velja.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Då innkjøpa vart gjort prøvde ho å kjøpe cirka same mengde av kvart produkt, slik at kiloprisen vart så lik som mogleg, likevel fekk dei vanlege varene ofte mykje meir for pengane.

– Dette er dumt. Glutenfri mat er medisinen min på lik linje med at folk med astma får inhalator på blå resept, så burde eg få den støtta eg treng til å kjøpe glutenfritt.

Risa er på mange måtar «heldig». Ho er i aldersgruppa 5-30 år som kjem til å få 12564 kroner utbetalte neste år, men det blir likevel rundt 4000 mindre enn det ho har i støtte no. Alle over 30 vil få 8232 kroner utbetalt i året.

– Det er ikkje berre meg dette går utover. Eg tenker òg på låginntektsfamiliar. Eg har vorte kontakta av åleinemødrer med tre barn med cøliaki, og for dei rammar kutta hardt. Dei fortviler, seier ho.

Hagerup forstår at folk reagerer på kutta.

– Dei som blir råka vil nok vere imot ei endring som dette. Men vi tar omsyn til SIFO, altså Statens institutt for forbruksforsking. Derfor meiner vi det er rett å redusere støtta, seier stortingspolitikaren.

Sår tvil om SIFO-rapporten

Risa reagerer på at regjeringa bruker SIFO-rapporten som grunnlag. For ei kvinne på Risa sin alder inneber det eksempelvis at ho skal ete 2,8 skiver til dagen og 40 gram havregryn tre gonger i veka.

40 g havregryn

Risa har målt opp 40 gram havregryn heime. Ho måtte auke til 120 for å bli mett.

Foto: privat

– Det er mindre enn ein neve, seier Risa.

Ho får støtte frå Knut H. Peterson, som er generalsekretær i Norsk cøliakiforeining. Torsdag møtte Peterson arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i debatt om temaet. Han er ikkje overraska over kuttet til regjeringa, men at dei igjen bruker SIFO-rapporten som grunnlag overraskar han.

Knut H. Peterson

Knut H. Peterson, generalsekretær i norsk cøliakiforeining.

– Eg er svært overraska over at dei igjen viser til den same SIFO-rapporten som vi i fjor viste var feil og mangelfull. Når politikarane kjenner til dette, men ikkje bryr seg om dei faktiske forhold, framstår dette som lite seriøst, seier generalsekretær Knut H. Peterson.

Hauglie meiner at dei har tatt høgde for usikkerheita knytt til SIFO-rapporten.

Anniken Hauglie, Arbeids- og sosialminister

Anniken Hauglie, arbeids- og sosialminister.

Foto: Paal Wergeland / NRK

– Dei får no vesentleg meir enn det SIFO la til grunn. Vi har lagt oss på eit høgare nivå enn SIFO, og sånn sett er vi med på å dekke dei meirutgiftene som vi ser at glutenallergikarane har, seier Hauglie.

Folk les rapporten feil

Gun Ross er ein av forskarane bak SIFO-rapporten. Ho forklarer at referansebudsjettet for matkorga er basert på tilrådingane til Helsedirektoratet. Derfor meiner ho at for mange tar rapporten for konkret.

– Vi seier ikkje at dette er ein fasit med to strekar under. Metoden vår har avgrensingane sine. Referansebudsjettet refererer ikkje til gjennomsnittsforbruket til nordmenn, men til eit forbruksnivå som er eit ideal, understrekar Ross, som ønsker at rapporten skal takast som ein underlagsdiskusjon.

Det er framleis eit lite håp for Risa og resten av oppropet. Kutta skal behandlast i ei budsjetthøyring i Stortinget denne veka.

Matbudsjett glutenfritt mot vanleg

Glutenfritt

kroner

Vanleg

kroner

3 langbrød (små i størrelse)

146,70

2 grovbrød (vanlig størrelse)

68,00

1corn flakes

36,30

1 corn flakes

9,90

1grandiosa

63,90

1 grandiosa

40,80

1 spaghetti

20,00

1 spaghetti

12,90

1 brødmiks semper (500 g mjøl)

33,90

1 mjøl (1 kg)

9,00

1 havregryn

34,90

1 havregryn

16,40

1 rundstykker (4 stk)

54,50

1 rundstykker (10 stk)

28,60

1 pose brun saus

16,90

1 pose brun saus

10,70

1 pose meksikansk gryte

32,20

1 pose meksikansk gryterett

21,10

1 wraps fullkorn

49,90

1 wraps fullkorn

19,90

1 havreknekkebrød

39,00

1 Frokostknekkebrød

14,20

1 triple choco cooki

49,90

1 Safarikjeks

17,50

SUM:

578,10

SUM:

269,00

Ekspander/minimer faktaboks