Hopp til innhold

Ønskjer forbod mot fleire hunderasar etter saue-massakre

Tysdag mista bonde Paul Kyllingstad og sonen tolv sauer etter at ein hund angreip saueflokken deira. No vil han at store og aggressive hunderasar skal bli forbode i Noreg.

Døde sauer

Fleire hunderasar må bli forbodne meiner bonde etter at han mista tolv dyr, på grunn av at ein hund gjekk til angrep på sauene hans.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ein hund av rasen Sibirsk Husky kom seg inn i ein saueflokk, og drap og skada fleire sauer. Hunden skal rømt frå heimen sin via eit hol i eit gjerde og lagt ut på tur åleine.

Sauene hadde merker etter bit i nakke, andlet og føter. Til saman er tolv sauer daude, og fem skada. Men ikkje alle sauene blei drepne av bit frå hunden. Fleire lam døydde også av stress etter hendinga.

Angrepet skjedde ved Stokkelandsvatnet i Sandnes, nær eit populært turområde.

Den erfarne bonden har aldri opplevd noko liknande.

Drepne sauar i Sandnes

Dette synet møtte bonde Håkon Kyllingstad då han kom til Stokkelandsvatnet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Sjølv om eg som bonde har opplevd mykje er dette sterk kost.

Per i dag er det seks hunderasar som er forbode i Noreg. Men no ønskjer bonden at lista blir utvida.

– Det bør bli forbod mot store og aggressive hunderasar, seier Paul Kyllingstad.

Han meiner at nokre hundar er så store og hissige at eigaren ikkje klarer kontrollera dei.

Bonde mista mange dyr

– Det var ei forferdeleg melding å få. Det er trist at dyr skal lide slik, seier bonden.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Før eller seinare skjer det ein glipp, og då kan det skje store skader på kort stund.

Desse seks hunderasane er forbode i dag:

  • Pitbullterrier
  • Amerikansk Staffordshire terrier
  • Fila brasileiro
  • Togo inu
  • Dogo argentino
  • Tsjekkoslovakisk ulvehund.

Ikkje samd

Norsk kennel klub (NKK) er skeptisk til å utvida lista for forbodne hunderasar her til lands.

– Me meiner ein skal vurdere kvar enkelt hund. Det er ikkje noko bevis på at dei hundane som står på lista no er farlegare enn andre hunderasar, seier medierådgjevar Kjetil Vataker Johansen.

Kjetil Johansen, medierådgiver Norsk Kennel Klub

Kjetil Johansen, medierådgivar Norsk Kennel Klub.

Foto: CF-Wesenberg

NKK meinare er det viktigare å sjå på opplæring og ansvaret ein hundeeigar har.

– Det er frykteleg trist det som har skjedd i Sandnes, men me meiner ein må ha større fokus på opplæring av hundeeigarar. Ein må også vere klar over kva skader ein hund kan gjere.

Dei meiner at det nyttar ikkje å forby alle hunderasar som kan skade andre. Leiaren i Norsk Siberian Husky Klubb er samd.

– Siberian Husky har eit stort jaktinstinkt, men eit slikt angrep kan komme frå dei fleste hundar som har det, seier Sigmund Alhaug.

Han seier at rasen er frisk, snill og allsidig. Men at det ikkje er ein hund som skal gå utan band eller fritt.

– Det er tragisk når slikt skjer, men eg vil ikkje svartmåle rasen. Me har både hatt Siberian Huskyer som er redd for sauer, og nokon som heilt klart vil jakte.

Han trur at mange ikkje veit kva forpliktingar det er å ha hund.

På spørsmålet om hunden bør avlivast er Alhaug usikker.

– Om hunden har gått til angrep kan det skje igjen. Men eg veit ikkje kva som er rett.

Hundeeigar kan få fengselsstraff

Eigaren av hunden kan bli straffa med anten bøter eller fengsel.

– Saka kan òg ende i konfliktrådet. Det er enno ikkje avgjort kva som skjer med hunden, seier Trude S. Langfeldt ved Sør-Vest politidistrikt

Drepen sau i Sandnes

Ein av dei tolv drepne sauene.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Hundelova her til lands blir i desse dagar gjennomgått på ny av Justisdepartementet.

Der skal dei mellom anna ta stilling til om forbodslista skal opphevast, eller om hunderasar skal bli lagt til.

Flere nyheter fra Rogaland