Hopp til innhold

Hund drap og skada fleire sauer

Elleve sauer er daude etter at ein hund gjekk til angrep på ein saueflokk. – Det er vondt å sjå denne lidinga, seier veterinæren.

Drepne sauar i Sandnes

Fleire sauer vart bitne av hunden som gjekk til angrep.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ein stor sledehund kom seg inn i ein saueflokk, og drap og skada fleire sauer nær Stokkelandsvatnet i Sandnes.

Til saman er elleve sauer daude, og opptil sju skada. Angrepet skjedde tysdag føremiddag nær eit populært turområde.

– Sauene har bitemerker i nakke, andlet og føter. Dei som framleis er i live, er i sjokk, og står helt apatiske, fortel Sveinung Haukalid ved Sandnes veterinærkontor.

Drepen sau i Sandnes

Til saman elleve sauar døydde av bitt og stress.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Stort åtak

Veterinæren karakteriserer angrepet som stort – det er uvanleg mange skadde dyr.

– Eg har vore borti liknande tilfelle før, men aldri så mange som dette, seier veterinær Haukalid, som har vore på staden.

Fleire sauer døydde i angrepet, og veterinæren har avliva to lam i etterkant på grunn av skadane.

Det var ein turgåar som tipsa politet om hendinga.

Veterinær Sveinung Haukalid

Sveinung Haukalid ved Sandnes veterinærkontor.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er vondt å sjå den lidinga som har blitt påført dyra, seier veterinæren.

Ikkje alle sauene blei drepne av bitt frå hunden. Fleire lam døydde også av stress.

– Sauene toler dårleg den stressreaksjonen det er å bli jaga over tid, seier Haukalid.

– Håpar dette er siste gong

Bonde Håkon Kyllingstad reiste rett bort til dyra då han fekk beskjed om skadene. Der møtte han eit tragisk syn.

– Det var ei forferdeleg melding å få. Det er trist at dyr skal lide slik, seier bonden.

Kyllingstad har aldri før opplevd noko liknande.

– Og eg håpar dette er siste gong, seier han.

Drepen sau i Sandnes

Ein av dei elleve drepne sauene ved Stokkelandsvatnet i Sandnes.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Hunden i varetekt

Politiet fanga hunden i gjerningsaugneblinken, og har tatt den i beslag. Dei har avhøyrt eigaren.

Hunden skal vere av rasen Alaskan malamute – ein større sledehund.

Veterinæren opplyser at fleire sauar sannsynlegvis vil bli avliva i løpet av dagen. Han har eit klart rådt til hundeeigarar langs turstien:

– Pass på hunden, og hald den i band. Det er instinkt der som kan gjere mykje skade.

Bonde Håkon Kyllingstad ønskjer også å sjå hundane i band.

– Du ser kva resultatet kan bli viss ikkje, seier han.

Drepne sauar i Sandnes

Dette synet møtte bonde Håkon Kyllingstad då han kom til Stokkelandsvatnet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Vil ikkje straffa hunden

Leiaren i Rogaland sau og geit meiner det er eigaren, ikkje hunden, som må straffast i slike tilfelle.

– Det er ikkje hunden sin feil, seier leiar Håvard Helgeland.

– Ein trur ein har kontroll på hunden, men når instinktet slår til, viser det seg at det har ein ikkje, seier han.

Politiadvokat Sveinung Andersen fortel at det no vert oppretta straffesak. Etterforskinga vil vise om hundeeigaren kan klandrast for hendinga.

– Det er for tidleg å seie kva for konsekvensar hundeeigaren kan få, men strafferamma i denne typen saker er bøter eller fengsel i inntil seks månadar, seier Andersen.

Forvaltningsseksjonen ved Sør-Vest politidistrikt kan no måtte ta stilling om hunden skal avlivast eller ikkje.