Hopp til innhold

Ønskjer å arrangere busstur for fullvaksinerte

For eit halvt år sidan vart nesten alle på bussturen til Ingvars Reiser koronasmitta. No ønskjer dei å arrangere dagstur for fullvaksinerte. Men regelverket er vanskeleg å forstå.

Silje og Ingvar Landa

Silje og Ingvar Landa ser fram til å kunne arrangere reiser igjen, og seier mange behøver ei reise akkurat no.

Foto: Marie Håland / NRK

– Det er mange som har kontakta oss som er fullvaksinerte og klare til å reise. Dei som har sete inn i eit år no er utruleg lei, og mange er veldig langt nede.

Det seier ekteparet Ingvar og Silje Landa som driv busselskapet Ingvars Reiser. Verdas mest kjente buss, som Ingvar kallar han sjølv.

Eit halvt år har gått sidan den famøse Noregsturen enda med at nesten alle passasjerar vart koronasmitta.

Eit vanskeleg halvår. Men ekteparet Landa står framleis på beina, og drøymer om nye reiser. Sakte men sikkert.

Ingvars Reiser håper at fullvaksinerte kan dra på busstur

Ingvars Reiser inviterer fullvaksinerte på busstur i påska, men ventar på eit eventuelt klarsignal frå kommuneoverlege.

Foto: skjermdump

Den næraste draumen er å kunne dra på dagstur til Egersund i påska, med passasjerar som er fullvaksinerte på ein buss med luftfilter og ekstra godt smittevern. Det har dei reklamert for på si Facebookside, og rundt 15 er interessert. Men turen er med atterhald om eventuelle restriksjonar myndigheitene kan kome med.

– Det er ein smittevernvennleg tur der me kan halde oss mykje utandørs. Men me har full forståing for om det ikkje går an å dra, og det er heilt greitt. Det er lett å kansellere turen.

Bussen som de koronasmittede reiste med

Denne bussen blei kjend over heile landet for eit halvt år sidan.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Etterlyser meir konkrete svar

Nordmenn blir råda frå å dra på unødvendige fritidsreiser. Men korleis er det for dei som allereie er blitt fullvaksinerte?

I ein e-post til NRK viser Helsedirektoratet til regjeringa si heimeside og deira råd for vaksinerte. Der står det at heimebuande eldre kan leve meir som normalt når dei er vaksinerte, og at dei kan ha fysisk kontakt med andre vaksinerte personar. Dei kan leve mindre tilbaketrekt, men bør følgje nasjonale (eller lokale) smittevernråd.

Ingvar og Silje Landa. Ingvars Reiser

Ingvar og Silje Landa vegrar seg litt for å reklamere for turar, i tilfelle dei blir avlyst. Men dei synest det er viktig å sjå fram mot noko.

Foto: Marie Håland / NRK

Ekteparet Landa etterlyser meir handling frå myndigheitene, og meir konkrete svar på kva som er lov og ikkje.

– Me treng å ikkje berre høyre kva slags restriksjonar som finst, men òg kva det går an å gjere, seier Silje og legg til:

– I tillegg er det mykje motsetnadar. Studentar får ikkje kome heim til foreldra sine, men tusenvis kan dra i skitrekk i påska. Er Hemsedal nødvendig eller unødvendig? Får me lov til å gjere ting eller ikkje?

Kan kome lette for vaksinerte

– Ei mindre gruppe på dagstur der alle er vaksinerte vil nok ikkje reint smittevernfagleg vere eit problem. Men kva slags signaleffekt sender det? Er det klokt?

Hans Petter Torvik

Kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik, seier at vaksinerte framleis må halde seg til regelverket som finst.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det seier kommuneoverlege i Sandnes, Hans Petter Torvik. Det er han som ekteparet Landa må vende seg til om dei skal ha informasjon og løyve til å reise på tur. Og han må få eit svar frå høgare plan igjen.

Torvik har førebels ikkje noko klart svar på om bussturen i påska kan bli gjennomført, men trur lysare tider er på veg.

– Akkurat no har ikkje vaksinerte nordmenn andre rettigheiter enn dei som ikkje er vaksinerte. Men no blir fleire og fleire vaksinert, og FHI vil kanskje kome med lette i restriksjonane for dei etter kvart.

For Ingvar og Silje Landa er smittevernet det viktigaste. Men dei ser fram til å reise på tur igjen, og det kriblar i magen til både dei og alle passasjerane.

– No tek me berre dag for dag, og så ser me kva myndigheitene og Torvik kjem tilbake til oss med.

Førebudd til smittevennleg busstur med munnbind og luftfilter. Ingvars Reiser

Bussen til Ingvars Reiser er klar for reise med luftfiltreringsfilter, munnbind, Antibac og det norske flagget.

Foto: Marie Håland / NRK