Hopp til innhold

Dødsulukke på Sviland

Ein 19 år gamal mann som køyrde av vegen på Sviland i Sandnes laurdag kveld døydde seinare av skadane.

Ulukke ved Bråstein

Ulukka skjedde på fylkesveg 333 Espelandveien.

Foto: Ronny Hjartås

19-åringen som køyrde av vegen på fylkesveg 333 Espelandsvegen laurdag kveld døydde av skadane melder Stavanger universitetssjukehus sundag morgon.

– Han var frå Ryfylke, men namn er ennå ikkje frigjeve, då politiet framleis arbeider med å få underretta alle pårørande, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Tor Helge Stavik til NRK.

Meldinga om ulukka kom laurdag kveld klokka 19.54. Det var politiet som melde om ei utforkøyring, og alle naudetatar rykka ut.

Krasja i tre

Då politi og brannvesen kom til staden sat mannen fastklemd i bilen og måtte hjelpast ut av brannvesenet ifølge operasjonsleiar Trygve Ravndal i Sør-Vest politidistrikt.

Brannvesenet melde om røykutvikling, men ingen brann. Mannen var aleine i bilen då han køyrde av vegen og krasja i eit tre.

Vidare etterforsking

Etter å ha blitt klippa ut av bilen av brannvesenet blei han frakta til sjukehuset med luftambulanse, men livet stod ikkje til å redda.

Operasjonsleiaren kan sundag morgon ikkje seie noko om årsaka til ulukka, som er under vidare etterforsking.

– Krimteknikarar og vegvesenet undersøker ulukkesstaden, og det blei teke blodprøvar, men eg kjenner ikkje til meldingar om rus, seier Stavik.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg