Hopp til innhold

Dette kan kan det bli slutt på

Så lenge det er trygt bryr ikkje Petroleumstilsynet seg om oljeselskapa går over til skipstransport av nordsjøarbeidarar.

Super Puma-helikopter CHC

I dag brukar oljeselskapa helikopter for å frakta arbeidarane sine til og frå olje- og gassinstallasjonane i Nordsjøen.

Foto: CHC

I dag bruker oljeselskapa helikopter når oljearbeidarar skal bli frakta til og frå jobb, men i går gjorde Teknisk Ukeblad det kjent at bransjen nå ser på alternative løysingar for denne transporten.

Eit samarbeidsprosjekt for offshore-bransjen går saman for å sjå på moglegheita til å frakta oljearbeidarar med ferje eller skip med hjelp av ei flyttbar bru, der oljearbeidarane kan gå frå skipet om bord på plattforma.

Dagens transport med helikopter blir ofte ramma når det blåser opp kysten av landet.

– Blir ikkje aktuelt

Fagforeininga Industri Energi har gjort det klart at dei er skeptiske.

– Det blir aldri aktuelt at denne typen transport blir permanent. Det er berre ved naudsituasjonar dette kan bli brukt. For eksempel då det var vulkanutbrot på Island. Då blei det slik at folk måtte flyttast med båt fordi helikopter ikkje var mogleg, seier forbundssekretær for HMS i Industri Energi, Einar Ellingsen.

Petroleumstilsynet, som har ansvar for norsk petroleumsverksemd, stiller seg ikkje på langt nær like kritisk.

– Det må vera opp til oljeselskapa sjølv å bestemma korleis dei vil frakta arbeidarane ut til plattformene, så lenge det skjer på ein trygg måte, seier pressetalskvinne i Ptil, Eileen Brundtland.

– Vil ikkje føra til HMS-endringar

I dag er det helikopter som blir brukt, fordi heising om bord frå skip er for risikofylt.

– Så lenge personelltransporten går føre seg på ein tryggleiksmessig forsvarleg måte kan me ikkje sjå at ei eventuell innføring av alternativ transportmetode vil krevja endringar i HMS-regelverket, seier Brundtland.

Bestemmingane i det norske regelverket er i hovudsak formulert som funksjonskrav, som seier kva tryggingsnivå som skal bli oppnådd, men ikkje korleis. Det betyr at selskapa kan variera korleis dei løyser oppgåvene.

I dag er det Luftfartstilsynet, som har ansvaret for helikoptertransporten ut til Nordsjøen, mens Sjøfartsdirektoratet vil få tilsyn for eventuell sjøtransport.