Hopp til innhold

Uvêret rammar helikoptertrafikken

Minst 600 personar som skal heim frå eller ut til jobb offshore er råka av sterk vind.

Minst 600 personer som skulle hjem fra eller ut til jobb offshore ble rammet av uvær fredag. Om formiddagen tredje juledag var flere avganger kansellerte, og flere utsatt på ubestemt tid.

VIDEO: Det blåste og regna godt då NRK snakka med CHC Helikopterservice tidleg fredag ettermiddag.

Det bles godt enkelte stader ved kysten av Rogaland, og i Nordsjøen er fleire oljearbeidarar nå vêrfaste.

Ifølgje CHC Helikopter sin vaktsentral er fire avgangar kansellerte klokka 12. Til saman er 20 CHC-avgangar råka av vinden.

– Det blåser mellom 60 og 75 knop ute på riggane nå, seier Glenn Christiansen, operativ vakt i CHC Helikopterservice.

Dette svarar til mellom 30 og 38 meter per sekund.

– Som å gå ut av ein bil i 110 km/t

Vinden må vera mindre enn 60 knop (sterk storm) dersom folk skal kunne gå inn og ut av helikopteret på ein oljeplattform. Slik situasjonen er nå, er det enkelte stader godt over dette i kasta, opplyser Meteorologisk institutt.

– Slik vinden er nå, blir det som å gå ut i ein bil i 110 kilometer i timen, seier Christiansen.

Ifølgje han er det om lag 300 som skulle reist ut i Nordsjøen i dag, som ikkje kjem seg ut. Samstundes er det 300 som skulle reist heim, som førebels blir verande på plattformene.

– Aller verst er det for dei som ikkje kjem seg heim, eller blir forseinka, seier Christiansen, som ventar betre ver fredag ettermiddag.

Vil løya i natt

– Det er ganske mykje vind i nordlege delar av Nordsjøen, seier meteorolog i konsulent, Jann Steinar Arnetvedt.

Han opplyser om at det er det 52 knop i middelvind og kast på 64 knop på Gullfaks. Oseberg har 54 i middelvind og kast på 71 knop. Heimdal-plattforma har 56 knop i middelvind og kast på 67 i kasta.

– Det bles noko mindre i sørlege delar av Nordsjøen, og i natt vil vinden løya også i nord, seier Arnetvedt.

Ingen nedbemanning

Oljeselskapet Statoil følger nøye med på utviklinga i vêret.

– Førebels ser me ingen grunn til nedbemanning i Nordsjøen, men me følger sjølvsagt med heile vegen, seier vakthavande informasjonssjef i Statoil, Kjetil Visnes.

Også dei har vêrfaste folk i Nordsjøen, men Visnes har ikkje den fulle oversikta over kor mange.

Ifølgje CHC helikopter treng ingen vera urolege for at dei ikkje skal koma seg heim til nyttår.