Hopp til innhold

Ny flaumtopp: Vatnet like høgt som i natt

Sjøen nådde ein ny topp på Vestlandet i ettermiddag. På fleire målestasjonar blei nivået på høgde med i natt under ekstremvêret «Didrik».

Ny stormflod på veg

DIREKTE: Her kan du følgja med på den nye stormfloda i Stavanger sentrum onsdag ettermiddag.

Det var i Stavanger og Mandal ekstremvêret «Didrik» herja mest i natt, før havnivået gjekk ned igjen. I ettermiddag steig havet igjen, og på Vestlandet var farenivået oransje.

Det betyr at ein måtte vera førebudde på alvorlege situasjonar.

– Denne stormfloda skal nå toppen i 14-tida i dag, før han trekker seg tilbake, sa statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid i forkant.

Vatn i Lanternen restaurant

På Lanternen restaurant på Karmøy fekk dei vatn inn i restauranten.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Ikkje fullstendig kontroll

I Bergen var flaumtoppen venta klokka 14.15. På Bryggen stod brannvesenet klare i tilfelle det skulle bli naudsynt med grep for å sikre dei historiske bygga.

Vatnet pipla opp frå trelemmane i golvet.

– Me har ikkje fullstendig kontroll, men sidan husa står på pålar, finner vatnet vegen ut igjen, seier Jan Aase, innsatsleiar i brannvesenet.

Før vatnet steig i natt, hadde brannvesenet lagt ut flombarrierar og sandsekkar.

– Me hadde klart oss utan, men me vil heller gjere eit tiltak for mykje enn eitt for lite, seier Aase.

Mye vann på Bryggen i Bergen ekstremværet Didrik

Vatnet seiv inn under trelemmane på Bryggen onsdag ettermiddag.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Mindre i sør, meir i nord

I Stavanger venta dei med å ta ned den kvite «flaumpølsa», som har blitt rulla ut for å unngå skadar på bygga i Vågen.

– Vi tar ikkje ned flaumvernet ennå, men når vatnet trekker seg tilbake kan me rigga ned, seier beredskapssjef Torstein Nielsen i Stavanger kommune.

Vannstanden i Sør-Norge ble ikke like høy som mange fryktet, men ekstremværet «Didrik» har likevel fått noen konsekvenser. Farevarselet er nå nedjustert.

Vasstanden i Sør-Noreg blei ikkje like høg som mange frykta, men ekstremvêret «Didrik» har likevel fått nokre konsekvensar.

Sør på Vestlandet var det venta lågare nivå enn i natt, men på stasjonane på Måløy, Ålesund og Kristiansund skulle vasstanden bli høgare.

Høyvann ved Zachen i Bergen
Foto: Meteorologisk institutt

Mange skodelystne hadde tatt turen til Bryggen i Bergen for å sjå på stormfloda.Toppen i ettermiddag blei like høg som i natt.

– Vi kan pakke saman her, seier innsatsleiar Aase.

Bryggen i Bergen

Slik såg Bryggen i Bergen ut under flaumtoppen i 14-tida.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Slik var prognosane for i ettermiddag (centimeter over sjøkart-null):

  • Stavanger: 162 cm (166 cm i natt)
  • Bergen: 221 cm (222 cm i natt)
  • Måløy: 272 cm (264 cm i natt)
  • Ålesund: 286 cm (269 cm i natt)
  • Kristiansund: 292 cm (275 cm i natt)

Elles er farevarselet på gult nivå i Trøndelag. Langs kysten aust for Rogaland har stormfloda trekt seg tilbake.

Slik er farenivået for i ettermiddag

Slik vurderer Meteorologisk institutt farenivået i ettermiddag.

Foto: Meteorologisk institutt

Nøgd med prognosane

Sjølv om ikkje konsekvensane av «Didrik» blei like store som frykta, seier Fagerlid at meteorologane sine prognosar for natta var gode. Utanom på Tregde, der dei bomma litt.

Slik var vasstanden under Didrik

Dette kartet viser høgste vasstand under ekstremvêret «Didrik» i natt.

Foto: Meteorologisk intitutt

Ein grunn til at nivået hamna litt under prognosane kan vera at vinden ikkje kom på same tid som springfloda, forklarer Fagerlid.

Få skademeldingar

Så langt har det kome inn mange skademeldingar etter «Didrik» melder forsikringsselskapet Gjensidige.

– Vi har mottatt om lag ti meldingar som i hovudsak gjeld vatn i kjellarar, seier kommunikasjonssjef, Bjarne Rysstad, i Gjensidige.

Stormflo-Bergen

Mykje vatn i Bergen onsdag, også for dei firbeinte.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Dei er likevel førebudde på at det kan koma fleire skademeldingar. Både på grunn av stormfloda i ettermiddag, men også sidan mange er seine med å melda inn.

– Det vil bli eit etterslep dei nærmaste dagane, seier han.

Rysstad oppfordrar dei som er ramma til raskt å ta kontakt, for å setja i gang prosessen med sanering, tørking og reparasjon.

Stormflo-Bergen

Flaumtoppen i ettermiddag blei like høg som i natt i Bergen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK