Hopp til innhold

– Me heng nok litt etter i samfunnsutviklinga

Dei fleste fedrar er ikkje med i barselgruppe eller på helsestasjonen. Nå viser forsking at det er fleire som kunne tenke seg det.

Peter Andreas Djupevåg i åpen barnehage

Peter Andreas Djupevåg i open barnehage. Han har også vore i barselgruppe. Det var han fordi han fekk invitasjon til Facebookgruppa frå kona.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg vil det beste for barnet mitt. Eg har vore med på alle kontrollar etter ho vart fødd. Kona mi ønskjer at eg skal vera med på alt, seier Peter Andreas Djupevåg.

Han er framleis sjeldan blant norske fedrar. Han har vore med på helsestasjonen, og det er også han som tar ut fellesdelen av foreldrepermisjonen.

For framleis er det sånn at dei fleste fedrar ikkje er med på kontrollane på helsestasjonane. Men dei ønsker det, ifølge forskinga til Bente Kristin Høgmo.

Peter Andreas Djupevåg i åpen barnehage

Dottera til Peter Andreas Djupevåg har ein far med meir permisjon enn dei fleste. Men han vil vere meir med enn systemet legg opp til.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Nyleg leverte Høgmo ein doktorgrad om nybakte fedrar og par sine erfaringar med barselomsorga i kommunane. Høgmo har mellom anna intervjua ti par om møtet med helsesjukepleiar og helsestasjonstenesta.

Berre mødrer på kontroll

– Fedrar opplever at dei blir ekskluderte. Mange trekker fram at dei skulle ønske at dei kunne vore med på helsestasjonen og møtt andre fedrar og snakka om kva dei var opptatte av i foreldreskapen sin.

– Kvifor er det sånn?

– Det kan komma av at fedrar er tilbake på jobb etter to veker. Det kan vere vanskeleg å få fri for vere med på helsestasjonen på dagtid, seier Høgmo.

Bente Kristin Høgmo

Bente Kristin Høgmo disputerte nyleg for doktorgraden sin om foreldre og helsesjukepleiarar sine oppfatningar av korleis begge foreldra er inkluderte.

Foto: Arild Eskeland / NRK

På Hillevåg helsestasjon i Stavanger denne dagen er det slik det ofte er: Berre mødrer har med barna på kontroll.

Dei oppmodar likevel far til å bli med.

– Me har blitt flinkare til å dra far inn og høyra korleis han har det. Det blir mykje søkelys på mor og baby, og då blir far litt på sidelinja. Det kan vere ei litt vanskeleg kjensle, seier helsesjukepleiar Tone Kleppa Jåtten.

Inngangsdøra til Hillevåg helsestasjon

På mange norske helsestasjonar blir far oppmoda til å bli med, men ofte går mor og barn aleine. Far begynner som oftast på jobb to veker etter at barnet er fødd, og startar ikkje permisjon før fleire månader etterpå.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Men det er sjeldan at far er med, ifølge helsesjukepleiaren. Helsestasjonen er framleis mor sin arena.

– Me heng nok litt etter i samfunnsutviklinga sjølv om me prøver å invitere far med. Eg synest vi er gode, men vi kan alltid bli betre, seier ho.

Få fedrar tek frå fellesperioden

Ifølge tal frå Nav, var det mellom januar og november i fjor nesten 58.000 menn som fekk utbetalt foreldrepengar.

Rundt 6 prosent av desse fekk utbetalt frå fellesperioden til mor og far. Rundt 10 prosent fekk utbetaling fordi dei var einaste forelder med rett til pengar frå Nav. 84 prosent fekk pengar via fedrekvoten.

I heile 2022 var det rundt 62.000 fedrar som fekk utbetalt foreldrepengar. I underkant av 7 prosent av fedrane som fekk utbetalt frå fellesperioden, 8 prosent fordi dei var einaste foreldre med rett til pengar frå Nav og 85 prosent av desse fekk via fedrekvoten.

Blei med i kona si barselgruppe

Forskinga til Høgmo viser at nokon av fedrane opplever at det ikkje er forventa at dei skal vere med til helsestasjonen eller i barselgruppe.

Då er det heller lett å ikkje komma.

Opningstidene er ikkje tilrettelagt for foreldre som er tilbake i jobb, forklarer Høgmo.

Fedrane etterlyser også meir informasjon om helsestasjonen sitt tilbod. Både før og etter fødsel. Mange veit heller ikkje kva ei barselgruppe er.

Peter Andreas Djupevåg i åpen barnehage

Peter Andreas Djupevåg synest det er kjekkare å vere far når han er med på meir.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Men det veit Djupavåg.

– Eg tenkjer at fedrar kunne vore inkluderte både i barselgruppe og det som skjer på helsestasjonen. Eg blei ikkje inkludert før eg byrja i permisjon, og då var det kona mi som inviterte meg med i Facebookgruppa, seier Djupevåg.

Han vil ha ei eiga barselgruppe for fedrar.

– Det er ein veldig god ide, for då blir far inkludert frå starten av. Og det blir mykje kjekkare, seier han.

– Ikkje av vond vilje

Høgmo har ikkje kartlagt kor mange helsestasjonar som tilbyr eigne barselgrupper for fedrar, men ein veit at alle ikkje gjer det. Nokre fedrar lagar si eiga barselgruppe.

– Det er ikkje av vond vilje. Det handlar om knappe ressursar. Det må planleggast og settast i gang. Slik timeplanen er for helsesjukepleiarar nå, er det for travelt, seier Høgmo.

Helsesykepleier Tone Kleppa Jåtten

Helsesjukepleiar Tone Kleppa Jåtten ved Hillevåg helsestasjon trur far fort kan føle seg litt på sidelinja.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Men ho støttar ideen. Det same gjer helsesjukepleiaren.

– Det hadde vore fantastisk med ei eiga barselgruppe for far. Alle mødrer får tilbod om dette, medan fedrar må organisere sjølv, seier Kleppa Jåtten.

Doktorgraden til Bente Kristin Høgmo

Doktorgraden til Bente Kristin Høgmo ved Universitetet i Stavanger har tittelen «Municipal postnatal healthcare: The perspectives of parents and nurses».

Foto: Arild Eskeland / NRK

Ytring En mer pappavennlig verden

Ingvild Almås