Assistent-trener og far Rune Haugseng vert rørt til tårer når han tenker tilbake på sigersaugeblikket 1. mai mot Drammen.
Nærbøhallen Nye Loen er stappa då heimelaget vinn straffekonken mot austlandslaget.
Då vart det klart at gutane som har spelt saman i Nærbø handballag sidan dei var 11 år, hadde spelt seg heilt til topps i Europacupen.
– Det var utruleg stort akkurat der og då, men nå er det historie, og nå gler me oss utruleg til å ta fatt på ein ny runde, seier Haugseng.
Den fyrste av to finalekampar i Europacupen finn stad i Stavanger i dag mot rumenske CS Minaur Baia Mare.
Underdogen frå Nærbø
I møte med det profesjonelle rumenske handballaget omtaler Nærbø seg som underdogs.
– Minaur Baia Mare er eit heiltidsprofesjonelt lag med mange erfarne spelarar som har gjort mykje, både med klubb og landslag. Derfor er me underdogen i dette, men det har me vore heile turneringa, seier hovudtrenar Heine Ernst Jensen.
I 2018 rykka den litle klubben opp i eliteserien, i 2020 spelte dei seg fram til cupfinalen. Nå står europacupfinalen for tur.
– Det er ei historie utan sidestykke. Me er utruleg stolte over dei ungane som har brukt så mykje tid på dette og som kan få avslutta dette året med å prøva å fylla DNB Arena, fortel Haugseng.
Nærbø er ein klubb utan heilprofesjonelle spelarar. Dei aller fleste på laget har spelt saman sidan dei var 11, og berre tre spelarar er henta frå andre klubbar.
I lag med foreldra har klubben klart å bygga eit sterkt samhald, fortel trenar Haugseng.
Haugseng er sjølv far til spelar Andreas Horst Haugseng, og onkel til Rassin og Tord Haugseng.
– Nå har me kome heilt i Norgestoppen. Spelarane er så gode at dei vert freista av større klubbar, nasjonale og internasjonale. Eg er utruleg stolt, seier Haugseng med gråten i halsen.
Han er likevel førebudd på å kjempa for sigeren til siste sekund.
– Me møter eit svært godt lag. Å seia at Nærbø skal vinna ein europacupfinale blir som å tru at julenissen er frå Nærbø.
Nye Loen for liten
Krav frå det europeiske handballforbundet gjer at Nærbø må ha finalen ein annan stad enn Nye Loen. Det dreier seg hovudsakleg om krav til ennå betre TV-produksjon og ein nøytral, reklamefri hall, melder Aftenbladet.
For kampen vert ishockeyklubben Oilers si storstova, DNB Arena, gjort om til ein handballhall.
Hundrevis av dugnadstimar måtte til for å gjera hockeyarenaen om til handballbane.
4000 billettar er disponible, men i kjent Nærbø-stil er det få billettar igjen. Med andre ord vert det ein fullsett sal også denne gongen.
– Det blir ekstremt. Når me får blanda siddisar med nærbøfolka vert det sjuk stemning. Det gler eg meg verkeleg til, seier Lars Sigve Hamre, som er spelar i Nærbø handball.