Hopp til innhold

Nå går toga igjen på Jærbanen

Togtrafikken på skinner igjen mellom Stavanger og Sandnes etter store problem i dag.

Jærbanen

Signalfeil fører til store forseinkingar på Jærbanen torsdag morgon.

Foto: NRK

Togtrafikken mellom Stavanger og Sandnes på Jærbanen er i gong att etter å ha vore stansa sidan i dag tidleg på grunn av feil i styringssystemet på Stavanger stasjon.

– Men toga mellom dei to byane går førebels berre kvar halvtime, opplyser informasjonssjef i Jernbaneverket, Henning Lode.

Video Full stans på Jærbanen

Mellom Nærbø og Vigrestad må dei reisande framleis ta buss på grunn av ein signalfeil på Varhaug.

Tidlegare i dag var det full stans i togtrafikken mellom Stavanger og Sandnes. Dette førte til store problem i morgontrafikken. Jernbaneverket hadde også problem med å erstatta toga med buss.

Jernbaneverket beklagar til alle kundane som har blitt ramma av problema i dag.

– Me har ikkje hatt dagen i dag, beklagar, seier Lode i Jernbaneverket.