Hopp til innhold

Ingen veit kvifor Borestranda har blitt svart

Ein stor del av Borestranda på Jæren har blitt dekka av svart søle, men fagfolka veit førebels ikkje kva det er.

Forureining på Borestranda

Den vanlegvis så kvite stranda, har no blitt mørk i fargen. Kvifor veit så langt ikkje ekspertane.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Me har ingen teori om kva det kan vera, seier beredskapssjef i Klepp kommune, Frank Bjørnø.

Den svarte søla dekker eit område på rundt 300 meter på Borestranda. Det blei oppdaga tidleg på dagen torsdag, først trudde ein at det kunne vera oljesøl, men det tvilar fagfolka som har sett på det at det er.

– Det ser ikkje ut som olje. Det har ei nøytral lukt, og det kleber ikkje, så det er ikkje slik som tradisjonell oljeforureining pleier å vera, seier Bjørnø.

Ventar på svar på prøvar

Brannvesenet har teke prøvar av søla, og dei er no sende til hasteanalyse. Svaret på prøvane får dei tidlegast i morgon.

No i ettermiddag er fleire aktørar samla for å diskutera kva dei skal gjera. Om det må fjernast, eller om naturen kan rydda opp i det sjølv.

– Truleg må me gjera noko alt i dag, seier leiar for brann og redning i Rogaland, Henry Ove Berg.

Så langt er det ikkje meldt om at sjøfuglar har teke skade av den mørke søla.

Søle på Borestranda

Det er teke prøvar av den mørke sanden.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Reagerer på magnet

Etter møtet seier Berg at stoffet reagerer på magnet.

– Det tyder på at det innehald jernstoff.

Brannvesenet vil nå vente til resultata er klare mandag før dei vel kva dei skal gjer.