Hopp til innhold

Vegane står under vatn - sju kjellarar øversvømde

Kraftig regn har ført til mykje vatn på vegane på Haugalandet torsdag ettermiddag, og i Tysvær har vatn trengt inn i sju kjellarar.

Kraftig regnvêr i Tysvær

MYKJE OVERFLATEVATN: I Tysvær er nokre av vegane heilt oversvømde.

Foto: Kjell Bua

Det har regna mykje nord i Rogaland torsdag. Utover natta vil det letta litt, men fredag blir det meir kraftig regnvêr.

– Det kjem kraftigare byger inn att i fredag, seier statsmeteorolog Marit Funnemark.

– Køyr forsiktig

Kraftig regnvêr i Tysvær
Foto: Kjell Bua

På vegane mange stader er det mykje overflatevatn, og vatnet tek også med seg mykje grus som legg seg i vegbana.

– Senk farten og køyr forsiktig, seier Svein Ivar Ellefsen, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Frå midnatt fram til klokka 15 kom det 32 millimeter må målestasjonen Vats i Vindafjord. Berre den siste timen kom det 9,4 millimeter.

– Det blir nok mest regn i ytre strøk nord for Boknafjorden, men også i indre strøk vil det koma ein del utover kvelden, natta og i fredag, seier Funnemark.

Sju kjellarar med vatn i

Det kraftige regnvêret har også skapt problem for fleire innbyggjarar i Tysvær. I eit bustadfelt på Aksdal held brannvesenet på med å pumpa vatn ut av den sjuande kjellaren for kvelden.

– Vasstanden i kjellarane varierer frå eit par centimeter til 10-20 centimeter, seier Jan Gunnar Dommersnes, brannformann i Haugesund brannvesen fredag kveld.

Også brannvesenet i Tysvær er med for å hjelpa.

Kraftig regnvêr i Tysvær
Foto: Kjell Bua

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg