Hopp til innhold

Mindreårig jente knivstukken på Bryne

Onsdag kveld fekk politiet melding om knivstikking på Bryne. Dei to involverte er begge mindreårige.

KNIVSTIKKING: EI jente er knivstukken på Bryne.

– Jenta er ikkje alvorleg skadd, men hendinga er alvorleg, seier operasjonsleiar Jøran Solheim i Sør-Vest politidistrikt.

Jenta er tatt med til legevakta, og må kanskje sy nokon sting, ifølge politiet.

Guten som knivstakk jente stakk frå staden før politiet kom, men vart funnen etter eit kort søk. Han er no tatt med til politistasjonen av politiet.

Politiet har kontakta både foreldra og barnevernsvakta.

– Me ventar på å få snakka med guten for å få vite kva som er skjedd.

Politiet har gjort beslag på ein gjenstand som er brukt i samband med hendinga.

– Me vil ikkje gå ut med kva stikkvåpen som er brukt, seier Solheim.

Hendinga skjedde ved togstasjonane på Bryne, og det var fleire vitne på staden. Politiet har avhøyrt dei.

Dei to involverte var kjenningar av kvarandre.