Ved fyrste augekast ser Roger Aastrand sitt hus heilt normalt ut.
– Veggane er målte med den «sunnaste» målinga me fant på marknaden.
Roger Aastrand er lei av å måtta jobba så hardt for å unngå miljøgifter.
Foto: Tone OllestadHer er sugerøyra laga av jern, bambus eller glas. Maten er oppbevart i glas, og den einaste solkremen du finn, er heimelaga.
– Sheasmør og kokosolje er de to tinga eg bruker. Berre det.
Han gjer nemleg det han kan for å unngå noko som heiter per- og polyfluorerte alkylstoff. Betre kjent som PFAS (uttalast pefas).
NRK forklarar
Kva er PFAS?
PFAS er ei gruppe syntetiske miljøgifter med helseskadeleg effekt på menneske og miljø.
Dei gjer at produkt støyter av vatn og feitt, og har derfor svært mange bruksområde.
Mange PFAS er ikkje kjemisk bundne, og vil lekka ut av produkta og inn i maten me et.
Dei kallast evigheitskjemikaliar, då dei ikkje blir brotne heilt ned, men hopar seg i staden opp i organismar og næringskjeder.
PFAS forsvinn ikkje i vassreinseanlegg, og dei er funne i vatn frå heile landet, trass at dei ikkje vart produsert i Noreg.
PFAS finst i bl.a. matemballasje, impregneringsspray, slipebelegg i steikepanner, reingjeringsprodukt, kosmetikk, måling, Gore-Tex, skismørjing og aircondition.
Til og med i enkelte gitarstrengar.
Det finst over 7000 PFAS, og dei er ifølge FHI «overalt».
PFAS står for per- og polyfluorerte alkylstoff.
Miljøgiftene som varer evig
– Me er bekymra for PFAS fordi alle desse stoffa er ekstremt stabile. Dei blir ikkje borte. Det fører til at eit vidare forbruk og utslepp aukar konsentrasjonar i miljøet, forklarer Heggelund.
Han er sjefingeniør i Miljødirektoratet. Der har han jobba med PFAS i 10 år.
Audun Heggelund er sjefingeniør i Miljødirektoratet og har trua på at det vil koma eit forbod mot PFAS.
Foto: Fartein Rudjord / Fartein Rudjord– Dei vanlegaste effektane som går igjen, er gjerne effektar på lever. PFAS kan føra til høgare kolesterolnivå, og me kan få ein redusert immunrespons, seier Audun Heggelund.
Derfor vil Miljødirektoratet nå ha eit forbod mot stoffa på internasjonalt nivå.
PFAS støytar av vatn og feitt, og er derfor brukt i mange produkt i norske hushaldningar. Ifølge FHI (ekstern lenke) blir dei brukt «overalt».
Du kan finna dei i bl.a. matemballasje, impregneringsspray, slipebelegg i kjelar og steikepanner, reingjeringsprodukt, kosmetikk, måling og nokon typar skismørjing.
Kjemikaliar som blant anna finst i sminke vil Miljødirektoratet no ha eit forbod mot.
Foto: Øystein Otterdal / NRK– Må læra av historia
Me produserer ikkje PFAS i Noreg, men me importerer produkt som inneheld dei.
– På norsk kallar me dei ævekjemikaliar, seier Linda Hanssen.
Linda Hanssen meiner det er viktig å ikkje berre forby ein forbinding, men alle PFAS, då dei har liknande fysikalsk betyding.
Foto: Silje WinnemHo er miljøforskar ved NILU i Framsenteret, og har forska på miljøgifter i fleire år. Ho meiner me burde læra av historia, og trekk fram PCB som eit eksempel:
– Dei klassiske miljøgiftene som starta den industrielle produksjonen for snart 100 år sidan, måler me framleis i menneske og i naturen, fortel ho.
PCB blei forboden på 80-talet.
– Når det blir forbode, går talet på miljøgifter i kroppen ned, fortel miljøforskaren.
Forbod mot alle
Vanlegvis søker Miljødirektoratet om forbod mot enkeltstoff.
– Den store ulempa ved å regulera eit og eit stoff, er at det kan bli erstatta av eit som har tilsvarande eigenskapar, og då er me komne like langt, seier Heggelund.
Og då det finst over 7000 PFAS, blir det for omfattande å søka enkeltforbod mot alle.
Derfor søker Noreg, saman med Tyskland, Nederland, Sverige og Danmark, om å avgrensa produksjon, sal og bruk av PFAS i alle samanhengar i EU- og EØS-landa.
– Det er det me må kjempa mot. Me må få stoppa produksjonen, og skrudd igjen krana, seier Hanssen.
Søknaden sender dei til ECHA, det europeiske kjemikaliebyrået. Går alt etter planen, kjem eit forbod mot PFAS i 2025.
Roger si steikepanne er utan teflon fordi han ikkje vil ha PFAS i maten.
Foto: Tone OllestadBransjen er ikkje bekymra
PFAS blir bl.a. tilsette i nokon matemballasjar. Men eit mogleg forbod gjer ikkje Emballasjeforeninga i Noreg bekymra.
– Me er veldig opptekne av å følga europeisk lovgjeving, EU-direktiv og -regelverk, fortel Yngve Krokann.
Han er kompetanseleiar i foreininga og seier dei er vande med å tilpassa seg.
– Me tilpassar oss det som bransje fortløpande. Der har det kome mykje i det siste. Særleg innanfor miljø, fortel han.
Tar saka i eigne hender
Roger kjem ikkje til å bruka «vanleg» matemballasje, spesielt ikkje av plast.
– Plast er ein uting. Mat er det uaktuelt å bruka plast på, fortel han.
Saman med familien har han i over 15 år gjort tiltak for å unngå PFAS på eiga hand. Eit forbod ville gjort det lettare for han å finna trygge produkt.
– Nå har det blitt sjukt mykje betre dei siste åra, men bransjen har framleis ein veg å gå, seier han.
Roger lager sin eigen hårvoks og solkrem i metall- og glasemballasje.
Foto: Tone Ollestad