Hopp til innhold

Meiner smartklokke redda sonen då jentegjeng trakasserte han

STAVANGER (NRK): Mora høyrde sonen skreik gjennom smartklokka. Ho meiner fem jenter trakasserte og filma han. Eit argument for å ha smartklokke og mobil på skulen, meiner foreldre.

Gut trakassert av jentegjeng

Bilete frå ein video av hendinga. Saka er meld til politiet, og mora meiner jentegjengen bør bli straffa.

Foto: Skjermdump

– Eg er så takksam for at han hadde smartklokka. Eg veit ikkje kva som hadde skjedd viss ikkje. Dette er det verste eg har vore med på, seier mora.

Måndag gjekk førsteklassingen hennar heim frå Kvernevik skule i Stavanger. På vegen møtte han ei gruppe tenåringsjenter.

– Det ringde frå smartklokka hans. Eg høyrde jenter som lo og at han skreik. Då eg kom til staden, sprang jentene vekk, fortel ho.

Ifølgje henne har jentene dunka sonen i hovudet og prøvd å dra ned buksa hans medan dei filma med mobilen.

Mora har seinare funne videoen på sosiale medium. Slik har ho klart å tyde kven jentene er. Dei er alle melde til politiet.

Frustrert over straff

Politiadvokat Marita Hagen stadfester overfor NRK at saka blir etterforska. Jentene er under kriminell lågalder, men sikta for kroppskrenking, ifølgje Aftenbladet. I slike saker kan foreldre og barnevern bli kopla inn.

Marita Hagen

Politiadvokat Marita Hagen seier at politiet driv med førebyggjande arbeid som skal hindre ungdommar i å gjere kriminelle handlingar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me har teke mobiltelefonane til jentene og vil sjå på innhaldet. På generelt grunnlag kan me inndra gjenstandar som har vore brukte til straffbar handling. Det kan vere straff nok for ungdommar, det, seier Hagen.

Politiet presiserer at dei ikkje ser på jentene som ein «gjeng» i den kriminelle tydinga av ordet.

Mora er frustrert over at jentene ikkje kjem til å få straff.

– Det er ikkje greitt. Berre fordi dei er mindreårige, så får dei lov? Kva blir det neste, spør ho.

Opprop for smartklokke

Sonen fekk smartklokke etter ei liknande hending i haust. Då blei ein annan førsteklassing plaga av ein gutegjeng.

Eigentleg seier ordensreglementet ved Kvernevik skule at smartklokker og mobil skal liggje heime. Hadde dei følgt det, hadde ikkje mora oppdaga plaginga.

– Smartklokkene kan vere i skulemodus. Dei bør ikkje skjere alle over ein kam, seier ho.

Camilla Lopez

Camilla Lopez seier ho synest det er utrygt viss barna går utan smartklokke eller mobil.

Foto: privat

Camilla Lopez har to barn på same skule. Etter hendinga måndag har ho oppretta ein underskriftskampanje om at smartklokke og mobil på skulen bør vere lov.

På eit døgn har det kome over 100 signaturar.

– Me ønskjer tryggleiken om at viss det skjer noko, kan me bli kontakta eller spore dei opp, seier Lopez.

Ho meiner skulen bør ha eigne vilkår for dei minste og mest sårbare.

Signeringskampanje for smartklokke på barneskule

Til no har det kome over 100 signaturar på at barn bør få lov til å ha smartklokke og mobil med til skulen.

Foto: skjermdump

– Blant nokre unge er det populært å snappe og filme barn medan dei plagar dei. Då kan det vere utrygt på skulevegen.

Skal revidere ordensreglementet

Ifølge rektor ved Kvernevik skule, Lene M. Bredesen, kjem ordensreglementet til å bli revidert til hausten. Kommunen kjem med eit nytt forslag.

– Mange foreldre har uttrykt at dei vil ha ei endring, seier Bredesen.

Ho forstår at foreldra vil at barna skal vere trygge. Og ho synest ikkje det er kjekt å høyre om hendinga måndag.

– Me har høyrt at ungdommane ikkje høyrer til bydelen, så me håper at me slepp å uroa oss for at noko slik skjer igjen.

NRK veit kven mora er, men brukar ikkje namnet hennar av omsyn til sonen.