- Dermed er ein lang kamp over, seier eigedomssjef i Entra eiendom Svein Allan Pedersen. - Prosjektet startar opp umiddelbart etter fellesferien. Og me planlegg å ha alt klart til julebordsesongen, seier han.
I fleire år har ulike aktørar i matmiljøet i Rogaland arbeidd for å få nytt liv i tollpakkhuset i Vågen i Stavanger.
Målet har vore å lage eit senter for mat med restaurantar og ferskvaremarknad. Gong på gong har riksantikvaren stansa planane. Ombygginga var for stor for det verna tollpakkhuset.
Men no har riksantikvaren berre mindre innvendingar, dermed startar arbeidet med ein gong seier Pedersen.