Hopp til innhold

Mann i boksershorts fakka innbrotstjuv

Tjuven sprang gjennom Haugesund sentrum med eit kassaapparat under armen. I hælane hadde han ein god samfunnsborgar med berre underbukse og mobiltelefon. Politiet heidrar innsatsen.

Haugesund sentrum

Politiet i Haugesund kunne i natt melda om ei ganske så uvanleg hending.

– Det var ein mann som ringde oss litt over klokka tre. Han fortel at han nett har høyrt ei rute knusa i Haraldsgata i Haugesund sentrum. Vidare kjem han seg opp av senga og ut av huset, og så vidt eg kjenner til hadde han berre på seg ein boksershorts og ein mobiltelefon, fortel operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til NRK.no fredag morgon.

Tok opp jakta

Det viste seg at ruta mannen hadde høyrt knusa, tilhøyrde ein veskebutikk i handlegata. Og då mannen i bokser kjem seg ut, ser han ein mann stikka frå butikken med kassaapparatet under armen.

– Han tar opp jakta gjennom Haraldsgata og vidare opp Skåregata. På dette tidspunktet har tjuven kvitta seg med både kassaapparatet og ein sekk han hadde på ryggen. Likevel klarer han ikkje springa frå mannen vår, fortel Friberg.

Og i parkeringshuset i Skåregata får den halvnakne mannen fatt i innbrotstjuven, og utførar det politiet kallar ei glimrandes pågriping av mannen.

– Etter kort tid kom politiet og tok seg av gjerningspersonen, ein mann i 40-åra, fortel Friberg.

Pushed i Haugesund

Det var i denne butikken i Haraldsgata innbrotstjuven tok seg inn.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Ikkje kvardagskost

Sjølv om det ikkje er første gong denne 40-åringen er ute på røvartokt, er det første gong han har blitt teken av ein person med så lite klede på seg.

Politiet heidrar innsatsen til den årevakne samfunnsborgaren.

– Det er ikkje for kven som helst å gjera dette. Boksershorts eller ikkje. Men denne mannen var kapabel til å gjera det, noko som har med fysikken, alderen og pågangsmotet hans å gjera, fortel Friberg.

Likevel understrekar han at politiet ikkje tilrår at folk skal ta opp jakta på denne måten, men at det er noko sivile har full rett til å gjera.

– Korleis opplevde gjerningsmannen situasjonen?

– Det er ikkje første gong han blir fakka og for oss er dette ein kjend person, så han tok det med ro. Men det er første gong han blir teken av ein mann i boksershorts, avsluttar Friberg.

Tjuvegodset blei funne og politiet har oppretta sak. 40-åringen måtte inn i arresten, medan mannen i boksershorts kunne rusla heim att til leilegheita si og få seg eit par velfortente timar med svevn.