Det var like før klokka tre i natt at politiet i Stavanger fekk melding om ein mann som gjekk berserk utanfor Nav sine kontor på Bjergsted i Stavanger.
– Mange i nabolaget vakna av ein veldig støy og varsla oss. Etter fem minutt var me på plass med to bilar, og då var mannen framleis i full gang med å knusa ruter med ei jernstong, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Føyen.
Klokka 02.56 natt til vesle julaftan fekk politiet melding om at ein mann hadde gått berserk på Nav sine kontor i Sverdrupsgate i Stavanger.
Foto: Ronny HjertåsMann i 40-åra
Samla sett fekk han knust 34 glasruter, inkludert døra, før han blei stoppa av politiet som køyrde han til legevakta.
– Det var ein mann i slutten av 40 åra, og me tok han med til legevakta for å vurdera om han var egna til å setjast i arresten, fortek Føyen.
Legen konkluderte med at han kunne arresterast, og nå ventar han på å bli avhøyrt.
Ukjent motiv
– Veit de noko om motivet for hærverket?
– Nei, det veit me framleis ingenting om, seier Føyen.
Vaktselskapet Falck har fått til ei mellombels sikring av rutene, men ifølgje politiet står det framleis att mykje arbeid for å få Nav-kontora sikre igjen.
Stavanger kommune opplyser om at Nav Eiganes og Tasta held stengt i dag på grunn av omfattande oppryddingsarbeid etter ruteknusinga i natt.
Provisoriske glas er allereie på plass.
Foto: Ronny Hjertås