Lynnedslag i fleire kyrkjer

Rogaland brann og redning melder om fleire lynnedslag i distriktet, mellom anna på Utstein kloster, Oltedal kyrkje og Tasta kirke. Det er ikkje meldt om brann som følgje av lynnedslaga, men det har gått ut over el-anlegget i to av kyrkjene.