Hopp til innhold

Lengre vitneliste i Bleivik-saka

Advokat John Cristian Elden stiller med lengre vitneliste for å vinne saka mot Jan Birger Medhaug.  Anken i sexskuldingsaka byrja i Gulating i dag.

 

John Cristian Elden og Ann Karin Bleivik
Foto: Helland, Kjetil / SCANPIX

- Tingretten sakna ein del vitne. Retten brukte vitnemangelen som bakgrunn for å frikjenna Medhaug, seier Elden. 

- Nå stiller me med vitne som kan utdjupe punkta der Tingretten var i tvil. Det gjeld både forhistoria og den behandling min klient, Ann Karin Bleivik, fekk i ettertid av det som skjedde, seier han.

 

Får ingen konsekvensar

Bjørn Vikse som er advokat for Jan Birger Medhaug, har ikkje tru på at fleire vitne vil hjelpa Bleivik til å vinna saka. 

- Det var ikkje andre til stades då det påståtte overgrepet skjedde den 9. januar i 1993, seier han.  Derfor hjelper det ikkje med fleire støttespelarar i retten.

Bakgrunnen

Det var i desember i 2002, at Ann Karin Bleivik, meldte Medhaug til politiet for det ho meiner er seksuelt overgrep frå Medhaug si side.   Det skjedde nærare 10 år etter hendinga.

Medhaug blei kasta som fylkesordførarkandidat for Krf i Rogaland, etter at anmeldelsen blei kjent.

Politiet la først anmeldelsen til sides, fordi dei ikkje meinte at det hadde skjedd noko straffbart.

Deretter tapte Bleivik på alle punkt i Tingretten.  Nå er ankesaka oppe i Gulating Lagmannsrett.

Saka blir avslutta i retten i morgon, tysdag.