Hopp til innhold

OD: Oljeproduksjonen i 2040 kan bli ein tredjedel av i dag

STAVANGER (NRK): Det har blitt vesentleg færre leitebrønnar på norsk sokkel i 2020. Utan nye funn vil produksjonen falla kraftig etter 2030, viser prognosane til Oljedirektoratet.

Leteboring

Talet på leitebrønnar på norsk sokkel er halvert samanlikna med i fjor. Koronapandemien er hovudforklaringa.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Etter to år med auka leiteaktivitet har talet på leitebrønnar på norsk sokkel gått kraftig ned i 2020. Det kjem fram av Oljedirektoratet sin årlege ressursrapport for leiting.

Medan det var om lag 60 leitebrønnar på sokkelen i fjor, anslår direktoratet at talet vil enda på rundt 30 i år.

Det er koronapandemien som i hovudsak har fått oljeselskapa til å utsetja planlagde leiteoperasjonar.

Torgeir Stordal

Torgeir Stordal er leitedirektør i Oljedirektoratet.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Dei aller fleste avgjerdene om å utsetja såg me alt i mars. Då var det veldig stor usikkerheit om det var mogleg å gjennomføre desse operasjonane, seier Torgeir Stordal, direktør for leiting i Oljedirektoratet.

I tillegg har lågare pris og lågare etterspurnad etter olje ført til at selskapa har kutta i leitebudsjetta sine.

Usikkert kor mykje leiting det blir framover

– Det ser ut som det blir meir utfordrande for selskapa å få tak i pengar og støtte til å driva med leiting, seier analytikar i Rystad Energy, Tore Guldbrandsøy.

Både han og leitedirektøren i Oljedirektoratet trur at leiteaktiviteten vil ta seg opp i tida framover, men spørsmålet er kor mykje.

Tore Guldbrandsøy

Tore Guldbrandsøy er analytikar i Rystad Energy.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Guldbrandsøy meiner det er spesielt to ting som vil påverka kva selskapa vel å gjera.

– På kort sikt er det koronapandemien. På lengre sikt er det energitransformasjonen, som nå går føre seg for fullt. Den har meir påverknad i det lengre biletet når det gjeld etterspurnad etter olje og prising av olje og gass.

For som analytikaren påpeiker: Det kan ta ti til 15 år frå ein har gjort eit funn til produksjonen er i gang.

Trur oljeproduksjonen vil falla raskt etter 2030

Slik det ser ut i dag, vil oljeproduksjonen på norsk sokkel truleg nå toppen i 2025 eller 2026. Så vil den gå nedover.

Difor meiner Oljedirektoratet at det no hastar med leiting.

– Produksjonen vil falle spesielt etter 2030, dersom det ikkje blir gjort nye olje- og gassfunn. Me har ein infrastruktur som i enkelte område vil bli avvikla over tid. Det er viktig at leitinga blir gjort medan infrastrukturen framleis er tilgjengeleg, så i desse områda hastar det med leiting allereie nå, seier Stordal.

Og utan nye funn vil det bli henta opp vesentleg mindre mengder olje frå sokkelen.

– Prognosane framover viser at i 2040 vil produksjonen vera om lag ein tredjedel av i dag, dersom det ikkje blir gjort nye funn, seier direktøren for leiting.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg