Hopp til innhold

Låve brann ned i Haugesund. Politiet mistenker at brannen var påsett

– Det var ikkje påkopla straum til låven, og den var heller ikkje i bruk. Derfor mistenker politiet at brannen kan vera påsett. Det seier operasjonsleiar i Politiet Sørvest, Dag Steinkopf.

Klokka 0325 i natt fekk brannvesen og politi melding om brannen i ein låve, som berre sto 30 meter frå eit byggefelt, bak Amanda Storsenter på Raglamyr i Haugesund.

– Det bles kuling i kasta og gnistregnet gjorde at det var fare for spreiing av brannen til byggefeltet, seier innsatsleiar i Haugesund brannvesen, Torgrim Jørgensen.

Det var også asbestplater på bygget som gjorde at brannvesenet frykta at røyken frå brannen kunne vera skadeleg for naboane i byggefeltet.

– Den faren er ikkje nå lengre til stades, opplyser innsatsleiar Jørgensen, rett over klokka 05.

Då er delar av låven brunne ned og brannvesenet har kontroll. Dei har også vore inne i delar av låven utan å finne verken dyr eller folk, seier Jørgensen.

Brann låve Raglamyr Haugesund
Foto: Jostein Viestad

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg