Hopp til innhold

Klar tale frå Viking-supporterar

«SE TE HELVETTE Å BLØ FOR DRAKTÅ!» dette var beskjeden som hang utanfor treningsfeltet til Viking fredag morgon. Klubben fjerna bannaren, men den siste delen om å blø for drakta fekk hengja litt lenger.

Blø for draktå

Denne meldinga møtte fleire Viking-tilsette i dag.

Foto: Tipsar

Åge Hareide

Viking-trenar har sett bannaren, men vil ikkje kommentera saka.

Foto: Hansen, Alf Ove / Scanpix

At Viking slo Staal Jørpeland i cupen i går var tydelegvis ikkje nok for nokon av Viking sine supporterane. Ein gong i natt hang dei opp ein bannar med klar beskjed til Viking-spelarane om å blø for drakta.

Vikinghordene er svært misnøgde med Viking sine prestasjonar den siste tida.

  • Les òg: Pusterom for Hareide
  • Kva meiner du om innsatsen til Viking-spelarane denne sesongen? Sei meininga di nedst.

Hordene står bak

Nestleiar i Viking sin supporterklubb Hordene, Mike McNeil, stadfestar at det er nokon frå Hordene som står bak bannaren:

– Hordene er veldig misnøgde med innsatsen til laget nå, eg kan ikkje hugsa at misnøgden har vore så stor før, seier Mike McNeil.

Støttar styret bannaren?

– Eg personleg støttar bodskapet i plakaten, dette sidan spelarane ikkje gjer 100% for laget. Me står alltid bak Viking, men me finn oss ikkje i kva som helst, seier Mc Neil.

Bannaren blei hengt opp der Viking har treningane sine, men fjerna av klubben lenge før treninga byrja. Likevel fekk siste del om å blø for drakta hengja litt lenger.

Blø for draktå

'Blø for draktå!': Den siste halvdelen av bannaren på Viking FK sitt treningsfelt fekk hengja litt lenger.

Foto: Tipser

Ingen kommentar frå Hareide

Også under kampen på Jørpeland i går var den same bannaren framme, det fekk trenar Åge Hareide med seg.

– Eg såg bannaren under oppvarminga i går, men eg vil ikkje kommentera det meir enn det, seier Hareide til NRK.no.

Hareide trenar eit Viking-lag som har gjort alt anna enn å imponera i årets sesong. Etter seks kampar ligg dei på 14. plass med berre fem poeng, eit lag som fleire spådde ville gjera det svært godt i 2011-sesongen.

Heller ikkje Viking-kaptein Erik Nevland vil kommentera bannaren:

– Dette fortener ikkje ein gong ein kommentar, seier han.

Sjå høgdepunkta frå Staal Jørpeland - Viking i går:

Video NM 2. runde: Staal Jørpeland - Viking

NM 2. runde: Staal Jørpeland - Viking