Hopp til innhold

Kan løysa miljøparadokset for hydrogenferja

Denne gamle tønnefabrikken kan bli redninga for hydrogenferja som må skaffa hydrogen i utlandet. Men det kan ta tid.

Tønnefabrikk Jelsa

Det er planar om hydrogenfabrikk på den gamle tønnefabrikken på Jelsa i Suldal kommune.

Foto: Hy2gen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Utfordringa er at det er eit relativt marginalt behov for hydrogen i forhold til den kapasiteten me ønsker å bygga ut, seier Thor Magnus Rovik.

Han leiar arbeidet til det tyske selskapet Hy2gen med å få etablert ein av verdas første hydrogenfabrikkar drive av vasskraft, på Jelsa i Suldal i Rogaland.

Fabrikken er høgaktuell som hydrogenleverandør for reiarlaget Norled.

Når dei set verdas første hydrogenferje i trafikk i Hjelmeland-sambandet i Rogaland i 2021, må dei heilt til Tyskland eller Frankrike for å skaffa hydrogen – sannsynlegvis med dieseltrailer.

Dette fordi det, ifølge reiarlaget sjølv, ikkje er mogleg å få tak i flytande hydrogen her til lands. Klimaforskar Carlo Aall er blant dei som kallar det heile eit miljøparadoks.

Klarer ikkje levera til hydrogen-oppstarten

Den planlagde hydrogenfabrikken i Rogaland ligg i nabokommuenn til hydrogenferje-sambandet. Men arbeidet er ennå i planfasen og dei har ingen avtale med første kjøpar.

Det gjer at dei neppe blir klare til å levera til hydrogenoppstarten i Hjelmeland-sambandet i april 2021.

– Dersom det var opp til oss, ville me jobba knallhard for å få det til. Men me trur dei må få tilført den første hydrogenen frå utlandet, seier Rovik.

– Når er det realistisk at dykk kan levera hydrogen?

– Slutten av 2021 bør me sikta mot. I alle fall komprimert hydrogen.

Verdens første hydrogenferje

Dette er dei siste teikningane av verdas første hydrogenferje som skal trafikkera i Hjelmeland-sambandet i Rogaland frå 2021.

Foto: LGM Marin/Norled

Norled: Mål om norsk leveranse i 2024

Men Norled jaktar flytande hydrogen til sitt pionerprosjekt fordi dette blir sett på å ha størst overføringsverdi til andre delar av sjøfarten. Dei trur det vil ta tid før dei kan få tak i lokalt drivstoff.

Sigvald Breivik

Sigvald Breivik, teknisk direktør i Norled.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Hydrogenfabrikken i Suldal er ein kjempekandidat som leverandør til hydrogenferja, men det er ingen formelle avtalar på plass, seier Sigvald Breivik, teknisk direktør i Norled.

Han trur det er mest realistisk at hydrogenfabrikken kan tilby drivstoffleveransar i 2023 eller 2024 dersom dei startar bygginga nå.

– Då har me mål om få tak i norskprodusert hydrogen.

Det betyr at det fort kan bli fleire år med hydrogenleveransar på trailer frå Tyskland eller Frankrike for hydrogenferja. Planen er leveransar til Hjelmeland kvar tredje veke.

Ekspert har tru på hydrogen

Men trass utfordringane med å få tak i norskprodusert, flytande hydrogen, er det god tru på at drivstoffet har ei framtid i transportsektoren her til lands.

Øystein Ulleberg

Forskingsleiar ved institutt for energiteknikk, Øystein Ulleberg.

Foto: IFE

– Me ser ikkje så mange andre løysingar enn å bruka ein kombinasjon av biodrivstoff, elektrisk med batteri og hydrogen der det passar, seier forskingsleiar ved institutt for energiteknikk, Øystein Ulleberg.

Han er også leiar for det nasjonale forskingssenteret for miljøvennleg energi, Mozees. Og det er ikkje berre i sjøfartsnæringa hydrogen kan spela ei større rolle framover.

– Når me skal få ned Co₂-utsleppa i transportsektoren, vil hydrogen også gjera seg gjeldande der. Spesielt innanfor tungtransporten, meiner forskingsleiaren.