– Det var som å dra opp ein Toyota

Verdas nest største fisk, tatt med stong, kan ha blitt fiska i Nedstrandsfjorden i natt. Håkjerringa er truleg 1,1 tonn tung.

Verdas nest største fisk, tatt med stong, kan ha blitt fiska i Nedstrandsfjorden i natt. Asgeir Alvestad drog i natt opp ei Håkjerring som truleg er over eitt tonn tung.

Asgeir Alvestad drog i natt opp ei Håkjerring som truleg er over eitt tonn tung.

Stor håkjerring

Her er håkjerringa sett ovanfrå.

Foto: Jon Olav Larsen

Asgeir Alvestad og John Olav Florø-Larsen har sidan fredag vore ute i båt i Nedstrandsfjorden ved Boknafjorden i Rogaland. Målet var å få storfangst, noko dei i aller høgste grad klarte.

Klokka 02.30 i natt fekk Alvestad napp, og ein time og tretti minutt seinare hadde han drege opp ei håkjerring, over fire meter lang og meir enn to meter rundt buken.

Nest størst

– Me reknar med at dette er den nest største fisken som er tatt nokon sinne. Ut frå måla skal den vera på 1,1 tonn. Det vil sei at ein kvithai på 1,2 tonn, som blei tatt med stong, er den einaste fisken som er større, seier Alvestad til NRK.no.

Å ta eit slikt prakteksemplar av haifisken håkjerring med seg heim kom ikkje på tale. Dei har likevel tatt fleire bilete og video av fangsten, desse skal dei senda inn til International Game Fish Association, for å få rekorden offisiell.

– Denne fisken er fleire hundre år gamal, og det er uaktuelt å ta livet av den, seier Alvestad.

Alvestad låg og kvilte i halv to tida, og det var fiskekameraten hans Larsen som banka på døra hans og fortalde om at han hadde napp. Håkjerringa var då på

Asgeir Alvestad og John Olav Florø-Larsen

Slik feira Asgeri og John Olav etter fangsten.

Foto: Privat

700 meter djup.

– Eg trudde ikkje det var sant

– Korleis var det å dra opp denne fisken?

– Ryggen var god og mør og armane var lange etter kampen som varte i halvannan time. Eg trudde ikkje det var sant, det var som om eg drog opp ein Toyota. Fisken var omtrent like lang som båten og berre halen var ein meter høg, fortel Alvestad.

Sjølv om dei to har fått si livs fiskeoppleving blir dei verande ute i Nedstrandsfjorden i minst eitt døgn til.

– Nå vil jo sjølvsagt John Olav også ha eit tilsvarande napp, så me ligg her litt til og satsar på det.

Han fortel at det er tre stader i Norge som er best for å få svære håkjerringar. Nedstrandsfjorden, Trondheimsfjorden og Andøya.

Håkjerring tatt i Boknafjorden

Håkjerringa som blei tatt kan vera verdas største.

Foto: Jon Olav Larsen