Tysdag 25. oktober vart klokketårnet til Kopervik interimkyrkje reist like utanfor Kopervik Ungdoms- og alderssenter.
Kyrkjeklokka frå 1864 vart redda ut av ruinane, då den brannskadde Kopervik kyrkje blei riven. Klokka hadde vore utsett for sterk varme og var svart av sot.
Gamle Kopervik kirke brant ned den 28. mai 2010
Foto: Tor Andre Johannesen– Derfor er det ein stor dag å sjå kor fin den nyopp-pussa klokka har blitt og at den nå er på plass i kyrkjetårnet til den foreløpige kyrkja me har, sa kyrkjeverje Marta Lunde Medhaug, sist tysdag.
Kallar til gudsteneste
I dag, søndag den 30. oktober, er klokka i fullt "arbeid" igjen. Den veg 250 kilo og klangen er like god som før brannen, forsikrar Lunde Medhaug.