– På ein ny, spennande og uredd måte har Ottesen og Kaizers fremja den tydlege jærdialekten langt ut over Jæren og Noreg sine grenser med musikken sin. Det gler eit kvart hjarte som trur på krafta i språket, seier leiar i Rogaland Mållag, Einar Schibevaag.
Derfor valgte Rogaland mållag å gje årets målpris frå Rogaland Mållag til Kaizers-vokalisten frå Bryne. Prisen vart delt ut på Garborgsenteret måndag 1. oktober klokka 12.
– Utfordrar og utviklar tradisjonen
– For statusen til dialektane og nynorsk er det viktig at personar som Ottesen står fram og er trygge på sin eigen kultur og språktradisjon, og som på same tid vågar å utfordra og utvikla tradisjonen, seier Schibevaag.
Ottesen og Geir Zahl fann kvarandre i barneskulen og starta gruppa Gnom som seinare vart til Kaizers Orchestra i 2000. Debutalbumet "Ompa til du dør" vart ein braksuksess og sidan har det gått slag i slag.
– At Janove ser på Garborg som ein av de mest kjende jærbuane i verda, gler oss sjølvsagt. Men grunngjevinga han nyttar er viktigare. Garborg fekk bodskapen sin fram, ikkje berre i Noreg, men i verda elles, seier han.
Har bidratt til Garborgsenteret
Ifølgje mållaget ser Ottesen på gruppa han er medlem i, tekstane og musikken som det største frå Jæren etter Garborg. Kaizers orchestra er ein av dei aktørane som har vore med å bidra med pengar til senteret.
– Det står det respekt av. Det er derfor ikkje rart at Rogaland Mållag deler ut prisen nettopp her i år på sentret som brukar ideane til den same Garborg på ein ny og spennande måte. Idear og tankegods som er meir enn hundre år gamle, og som blir presentert på måtar som vender seg til dei unge, seier Schibevaag.