Hopp til innhold

Andrea og Cecilia reiser gratis gjennom Europa

Jentene gjer som stadig fleire ungdommar; dei reiser med interrail. Takka vere EU og litt flaks har dei i tillegg fått heile togferien gratis.

Andrea og Cecilia ved Monument to Victor Emmanuel II

Andrea Rydningen (18) og Cecilia Brouwer (19) frå Haugesund fekk gratis interrailbillettar. Det var på Snapchat dei vart observante på moglegheita.

Foto: FOTO: Privat

I nesten to veker har Andrea Rydningen (18) og Cecilia Brouwer (19) snirkla seg nedover på kontinentet.

Når vi snakkar med jentene frå Haugesund, har dei komme seg heilt ned til Roma.

Dei har reist heile turen på same togbillett. Den blir kalla interrail, og jentene har fått han heilt gratis.

Andrea Rydningen Cecilia Brouwer

SLOTTET I VERSAILLES: Cecilia og Andrea på besøk i palasset til Ludvig XIV (Solkongen)

Foto: Andrea Rydningen / Privat

EU deler nemleg ut tusenvis av gratis interrailbillettar kvart år. Ordninga heiter DiscoverEU og målgruppa er europeiske 18-åringar.

– Vi fekk opp ein reklame på Snapchat. Vi var litt skeptiske, det er jo ikkje ofte ein ser «vinn ein gratis billett til Europa», fortel jentene.

Skepsis vart derimot til nysgjerrigheit.

– Eg hadde lyst til å oppleve verda og dette var eit fint høve til å sjå Europa, fortel Cecilia.

Andrea hadde aldri høyrt om interrail før ho såg reklamen, men konseptet var freistande nok.

Sigrid Haugan er seniorrådgivar i Barne, ungdoms – og familiedirektoratet (Bufdir), som har ansvaret for DiscoverEU ordninga i Noreg.

Målet er å gi fleire unge folk i Europa eit høve til å reise, få nye venner og bli meir sjølvstendige. Det ser ut til å fungere bra, fortel Haugan.

Sigrid Sivertsen Haugan, seniorrådgiver i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Sigrid Sivertsen Haugan er seniorrådgivar i Bufdir, og har ansvaret for DiscoverEU i Noreg.

Foto: FOTO: Bufdir / Bufdir

Nesten 1000 norske ungdommar har vunne ein gratisbillett sidan oktober i fjor. Det er omtrent halvparten av dei som søkte.

– Tilbakemeldinga er kjempepositiv! Mange reiser for første gong utan foreldre, og mykje lengre enn dei er vande til, seier Haugan.

Interrail Brosjyre 2

BROSJYRE: Dette er for mange ein kjend brosjyre. NSB trykk frå November 1979.

Foto: Odd Lier

Interrail gjer «comeback»

Andrea og Cecilia er ikkje dei einaste som tek ferien på togskjener.

Frå 2019 til 2022 var det 20 prosent fleire nordmenn som drog på interrail.

– Globalt sett har ein aldri selt fleire billettar, fortel Susanne Svensson i Silverrail.

Silverrail jobbar for å samkøyre togtilbodet i Europa.

Cecilie og Andrea ved Champ De Mars i Paris

CHAMP DE MARS: Andrea og Cecilia bruker kvelden i parken rett ved Eiffeltårnet.

Foto: FOTO: Privat

– Interrail byrja å komme tilbake igjen i 2019. Pandemien som følgde, dempa billettsalet dei neste to åra, men 2022 vart igjen eit rekordår, seier Svensson.

Ho trur rekordsalet kjem av at vi har vorte meir miljømedvitne og ønskjer å reise berekraftig.

Ferdig med fly?

Andrea og Cecilia har stort sett gode ting å seie om togreisa.

Dei fortel om flotte byar, kule overnattingsstader og hyggelege menneske.

Men turen har ikkje berre gått på skjener.

– Reisa frå Oslo til Amsterdam tok to døgn. Vi måtte ta elleve tog og nokre gonger måtte vi stå heile turen, fortel jentene.

Andrea på togstasjonen i København på natten

KØBENHAVN: Andrea ventar på neste tog på sentralstasjonen.

Foto: Andrea Rydningen / Privat

Sjølv om interrail er kult, er det enklare å fly.

– Den største fordelen med fly er at det er lettvint. Eg har betre samvit for denne ferien, men skulle ønskje at det var fleire direktetog, fortel Andrea.

Tips og triks på Facebook

Interrailtrenden blir spegla på Facebook.

Facebookgruppa «Togferie» samlar over 50.000 medlemmer.

– Ein kan stille spørsmål og få svar om alt mogleg. Frå store togekspedisjonar ut i verda, til togstrekningar i Noreg og Europa.

Det fortel ein av administratorane i gruppa, Kristian Skjellum Aas.

Kristian Aas

ENORM PÅGANG: Kristian Skjellum Aas fortel om stor interesse for å reise på togferie.

Foto: FOTO: Privat

Aas opplever at interessa for togferie er enorm. Likevel meiner han at togtilbodet kan bli langt betre.

– Det er eit usamanhengande tilbod. Vi bør utvide tognettet i Noreg, men også få til direkte togturar frå Oslo til København og eit direkte nattog frå Oslo til Hamburg, seier Aas.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg