Hopp til innhold

Abdul betaler 170 gonger meir i skulepengar enn studievennene

Langt færre internasjonale studentar har søkt seg til universitet etter at skulepengar vart innførte i sommar. Abdul kom likevel, men må punge ut. – Urettferdig, meiner han.

Abdul Hannan

Abdul Hannan (26) må betale 150.000 kroner per studieår. Andre i klassen, som kjem frå land innanfor EØS, betaler ei studieavgift på i underkant av 900 kroner per semester.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Abdul Hannan (26) kom inn på masterprogram i både Tyskland og Australia.

I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at det ikkje var studieavgift i Australia. Dette stemmer ikkje, og vi har retta opp i saka.

Men Hannan valde å studere i Stavanger – trass studieavgifta. Fordi det var her den beste utdanninga var, i hans auge.

No angrar han.

Talet på studentar frå land utanfor EU/EØS og Sveits ved internasjonale masterprogram ved Universitetet i Stavanger (UiS) har gått ned med 76 prosent sidan 2022.

Nedgangen har samanheng med at Stortinget i sommar vedtok at studentar frå desse landa skal betale for å studere i Noreg.

Ved UiS må desse studentane no betale mellom 150.000 og 180.000 kroner for eitt studieår.

Stort fall i Oslo

På Oslo Met må utanlandsstudentane punge ut mellom 180.000 og 370.000 kroner kvart år.

I år er det berre ni studentar som har møtt opp på Oslo-skulen. I 2019 var det 72.

Også ved Universitetet i Oslo blir dei færre. I 2019 var det 163 slike studentar på masterprogram. I år er det 61.

Ingeniørar forsvinn – kan få konsekvensar for grøn omstilling

I Stavanger er det dei teknologiske faga som er hardast ramma av nedgangen.

I åtte av mastergradsprogramma med internasjonalt opptak møtte det berre opp éin til tre internasjonale studentar, viser tal frå UiS.

Utviklinga bekymrar både UiS og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).

53 prosent av NHO-bedriftene i Rogaland oppgir at dei i stor eller noka grad har behov for kompetanse innan tekniske fag og ingeniørfag.

– Det er urovekkande om det blir færre studentar innan desse faga, seier regiondirektør i NHO, Tone Grindland.

Regiondirektør i NHO Rogaland Tone Grindland

Regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland, er bekymra for mangelen på arbeidskraft.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Ho meiner at eit fråfall av studentar med ein slik kompetanse kan hindre og forseinke løysingar på klimakrisa.

– Viss bedriftene heller ikkje får inn kompetansen dei treng, kan det føre til tapte moglegheiter og ein stopp i utviklinga, seier Grindland.

– Urettferdig

Hannan studerer Computational Engineering ved UiS. Det er stor etterspurnad etter denne kompetansen.

Politikarane trur kanskje at avgifta skal gi betre råd, men det stemmer ikkje. Noreg taper verdifull arbeidskraft og kompetanse på dette, seier Hannan.

Abdul Hannan.

Hannan trivst på studiet, men seier det er urettferdig at han må betale nesten 170 gonger meir enn klassekameratane.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Studievennene hans frå bachelorgrada i heimlandet Pakistan har valt å ta mastergraden sin i Tyskland, der det ikkje er studieavgift.

Vi var ein vennegjeng på tolv som skulle studere ved UiS.

Men det var berre Hannan som takka ja til studieplassen då avgifta vart innført.

Hannan fekk hjelp av foreldra sine til å dekkje studieavgifta.

Han jobbar på McDonalds for å få hjula til å gå rundt. Resten av tida blir brukt på studia.

Vil ikkje fjerne avgifta

Men regjeringa vil ikkje fjerne studieavgifta. Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) meiner universiteta må tenkje nytt om korleis dei skal rekruttere fleire utanlandske studentar.

– Eg har trua på at UiS og andre universitet i Noreg skal klare å rekruttere fleire. Andre universitet i Europa klarer det med studieavgift, det skal også norske klare, seier Borch.

Sandra Borch ved NTNU Gjøvik

Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp). Avgifta har komme for å bli, seier ho.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Majoriteten blir verande

UiS har gjort undersøkingar som viser at majoriteten av dei internasjonale studentane blir verande i regionen etter enda utdanning.

– Dei internasjonale studentane er såfrøa våre. No får vi ikkje hausta dei i andre enden, seier viserektor ved UiS, Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim.

Universitetet i Stavanger

Talet på studentar frå land utanfor EØS på internasjonale masterprogram ved Universitetet i Stavanger (UiS) har gått ned med 76 prosent på berre eitt år.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ho har vore kritisk til innføringa av studieavgift sidan forslaget kom i 2022. Ho synest det er underleg at regjeringa vedtok lovendringa sidan det på same tid blir etterlyst fortgang i det grøne skiftet.

– Det er paradoksalt. Regionen skrik etter kompetanse som kan handtere omstillinga. Det same gjer regjeringa. Likevel står vi her, seier ho.

Solheim er redd for at regionen vil miste viktig kompetanse, samtidig som Stavanger som studentby vil gå glipp av mangfald, nye impulsar, andre perspektiv og erfaringar.

– Håpar det blir vraka

Solheim fryktar at endå færre studentar frå utanfor EØS neste haust.

Årsprisen på masterstudium aukar frå 150.000 kroner per år til 180.000 i 2024.

– Eg håpar studieavgifta blir vraka. Ordninga er urettferdig. Dei andre eg studerer med treng berre å betale ei semesteravgift på rundt 900 kroner, medan eg må ut med massive summar, seier Hannan.