Hopp til innhold

Innesnødde på tredje dag – nå minkar det på mat og medisinar

Fleire personar på Jæren er nå innesnødde på tredje dagen. – Nokon er i mangel på mat og medisinar, seier politiet.

Fleire personar på Jæren er isolerte på grunn av snøvêret, som gjer at fleire vegar er stengde.

På politikontoret på Varhaug får dei førespurnader frå folk som byrjar å bli uroa.

– Nokon byrjar å gå tomme for medisinar og andre mat, seier politibetjent Terje Njærheim ved Hå lensmannskontor. Han legg til at politiet prioriterer dei mest prekære meldingane dei får.

Dei samarbeider med Røde Kors og Hjelpekorpset som disponerer snøskuterar, med desse kan dei koma seg fram der brøytebilen ikkje når fram.

Til helga vil Røde Kors ha auka beredskap, då er det også meld storm, noko som kan gjera situasjonen verre for dei lite snøvande jærbuane.

På Twitter sidene sine skriv Politiet følgjande:

«Politiet får en del anmodninger om scooter hjelp. Dette er kun en ressurs i forhold til redn.aksjoner (liv/helse), ikke annen bruk.»

Treng brød, hundemat og kaffi

Jan Steensrud

Jan Steensrud og kona er isolerte i huset sitt på Jæren.

Foto: Rrivat

I ein av dei innesnødde heimane på Jæren held Jan Steensrud til saman med familien.

Det er to kilometer frå heimen hans til nærmaste brøyta veg. Snøen er så høg at det er uaktuelt å fota seg denne vegen, og bilen kan dei berre gløyma.

– Den er fullstendig innesnødd, og kjem nok ikkje ut att før snøen smeltar vekk, seier Steensrud til NRK.no.

Han seier at dei klarer seg fint, men kjenner seg hjelpelause, heilt isolerte frå omverda.

– Dessutan hadde det vore godt med eit nytt brød, hundemat og litt kaffi, seier han.

Han har både kontakta Røde Kors og politiet for å be om hjelp til å handla inn mat før den varsla stormen sett inn. Men førebels utan hell.

– Vil ikkje tenka på stormen

– Kva tenker du om at stormen kan koma før du får nye forsyningar?

– Det vil eg helst ikkje tenka på, svarar Steensrud.

Han opplever likevel at hjelpemannskapet han har vore i kontakt med tar han på alvor, men at dei må prioritera.

Ifølgje politiet og hjelpemannskap i Røde Kors gjer dei så godt dei kan for å hjelpa til. For å vera førebudde på stormen som skal koma i natt, oppmodar politiet likevel dei som kan til å kjøpa inn litt ekstra i dag.

– Ha litt ekstra mat på lager og hald deg heime i kveld er oppmodinga. Dersom det blåser opp skikkeleg, vil det jo vera vanskeleg å ha hovudvegane også opne, seier Njærheim.

Han peiker på andre problem som også kan melda seg i løpet av helga.

– Fleire bønder slit også med å få fôr til dyra sine. Felleskjøpet kjem ikkje til alle gardane med kraftfôr, dette kan særleg vera ille for dei som har griser, seier han.

Møte om brøyting

Steensrud jobbar i oljeselskapet Aibel, og har heimekontor.

– For arbeidsgjevaren min går det heilt fint at eg er heime, og eg har allereie varsla at eg truleg også vil vera innesnødd til over helga.

– Dette er ein ekstrem situasjon, innover i Stavanger og Sandnes forstår dei nok ikkje heilt at snøvêret har råka mykje verre her. Der er det jo ikkje store problem nett nå, seier han.

I Time er nå brøytemannskap samla for å diskutera situasjonen på Jæren i helga, men brøyting på dei aller minste vegane blir det neppe.

Klokka 12.00 får NRK.no melding om at vinden har teke seg kraftig opp, og at vegen Fylkesveg 44 frå Bryne og sørover er vanskeleg å koma fram på.

– Fleire bilar står i grøftene, melder ein innringar.