Hopp til innhold

Ingen veit når det nye sjukehuset i Stavanger står ferdig

Helse Stavanger har ikkje råd til å bygga ferdig det nye sjukehuset til nær 400.000 menneske. – Det hastar å endra måten me finansierer sjukehusbygg på, meiner SV.

Byggetrinn 1 av nye SUS

Fasaden på byggetrinn ein av nye Stavanger universitetssjukehus er nå ferdig. Men det skal etter planen byggast endå meir.

Foto: Helse Stavanger

– Så vidt me veit er det Noregs største byggeplass på land.

Finans- og økonomidirektør Tor Albert Ersdal ved Stavanger universitetssjukehus har tatt oss med til Ullandhaug i Stavanger.

Her bygger dei det nye sjukehuset til nær 400.000 menneske.

Tor Albert Ersdal

Tor Albert Ersdal er finans- og økonomidirektør ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Det første byggetrinnet er på 125.000 kvadratmeter og det er ferdig på utsida.

Inne har einerom fått installert vask, toalett og vindauge med utsikt over Hafrsfjord.

I mai 2025 skal dei første pasientane få behandling her.

Men langt frå alle.

– Me planlegg for eit byggetrinn to som er 100.000 kvadratmeter og nesten like stort, seier Ersdal.

Det må altså byggast nesten eit halvt sjukehus til, før all drift kan flyttast frå det gamle til det nye.

Byggetrinn to inneheld mellom anna dagkirurgi, poliklinikk og psykiatri.

Utsikt fra rom på Nye SUS

Tor Albert Ersdal på eitt av eineromma som er klare. Her har pasientane utsikt over Hafrsfjord.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Har ikkje råd til å ta opp eit nytt stort lån

Ein gong var målet å stenga dørene på det gamle sjukehuset på Våland i 2030.

Nå veit ingen kor tid det kan skje.

Årsaka er at sjukehuset ikkje har råd til å ta opp nok eit stort lån frå staten og samtidig finansiera drifta, altså behandlinga av pasientar.

Kart Nye SUS

Det står att å bygga nesten eit halvt sjukehus før all drift kan flyttast frå Våland til Ullandhaug.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

For å finansiera det første byggetrinnet måtte Helse Stavanger låna over 8 milliardar kroner.

For å finansiera byggetrinn to, må dei truleg låna ytterlegare 11 milliardar kroner, fortel finansdirektøren.

Eit så stort lån har ikkje sjukehuset råd til å betena, slik ordninga er i dag.

Konsekvensen er at sjukehusdrifta må føregå på to ulike stader på ubestemt tid.

Meiner staten må legga pengar på bordet

– Det er ein ekstremt alvorleg situasjon, seier stortingsrepresentant frå Raudt, Mimir Kristjansson.

– Me kan ikkje ha det slik i ein av dei mest befolka regionane i landet, at me kanskje har eit delt sjukehus i fleire tiår framover.

Stortingsrepresentant Mimir Kristjansson, Rødt.

Mimir Kristjansson (R).

Foto: Kristian Skårdalsmo

Han meiner staten nå må finna middel slik at sjukehuset kan bli ferdig bygd.

Anten ved å løyva meir pengar til helseføretaka, slik at dei kan låna meir pengar av staten eller ved å gi rentefrie lån.

– Og på lang sikt må me få slutt på det idiotiske systemet, der me lèt som at eit statleg eigd sjukehus er noko anna enn staten. Desse pengane burde ha blitt løyva over statsbudsjettet og ikkje gjennom føretaket, seier Kristjansson.

NRK forklarer

Kva er føretaksmodellen?

Kva er føretaksmodellen?

Blir eigd av «selskap»

Noreg har ein helseføretaksmodell. Det betyr at sjukehusa blir eigd av føretak, selskap, eigd av staten.

Dei blir i stor grad drivne som private selskap, men kan ikkje gå konkurs fordi dei er statseigde.

Modellen blir styrt av lov for helseføretak.

Kva er føretaksmodellen?

Slik fungerer det

Noreg er delt inn i fire helseregionar: Nord, Vest, Midt-Noreg og Sør-Aust.

Kvar region har sitt eige regionale helseføretak.

Kvart av dei regionale helseføretaka eig fleire helseføretak.

Kvart helseføretak driv fleire sjukehus eller behandlingsstadar.

Kva er føretaksmodellen?

For eksempel

Dei regionale helseføretaka eig fleire sjukehus.

  • Det regionale helseføretaket Helse Nord eig Nordlandssjukehuset, Finnmarkssykehuset og Universitetssykehuset Nord-Norge.
  • Helse Vest eig Haukeland universitetssjukehus, Førde sentralsjukehus, Helse Fonna og Stavanger universitetssjukehus.
Kva er føretaksmodellen?

Sjukehus og føretak

Helseføretaka har ofte sjukehus i namnet, men mange av dei driv mange sjukehus.

  • For eksempel er både Ullevål sykehus og Rikshospitalet ein del av Oslo universitetssykehus
  • Og både sjukehuset på Stormarknes og sjukehuset i Bodø høyrer til Nordlandssykehuset.
Kva er føretaksmodellen?

Slik er dei strukturert

Staten

Regionale helseføretak (Helse Nord, Helse Vest, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst)

Helseføretak (Oslo universitetssykehus, Nordlandssykehuset)

Enkeltsjukehus (Ullevål sykehus, Førde sentralsjukehus)

Kva er føretaksmodellen?

Krav om sparing

I lova for helseføretak stillast det krav om at helseføretaka skal ha eigenkapital som står «i forsvarleg forhold til føretaket si verksemd».

Kort sagt betyr det at helseføretaka er plikta til å ha pengar på konto. Har dei for lite pengar, må dei finne tiltak som gjer at dei får meir pengar – altså spare meir.

Meiner det hastar å endra modell

I dag er det slik at helseføretaka må ta opp lån frå staten for å bygga nye sjukehusbygg. Og det er krav om ein eigenkapital på 30 prosent. Så for å få råd til å ta opp lån, må sjukehusa spara pengar, i hovudsak på drifta.

– Her hastar det å endra modell. Me kan ikkje spara oss til offentleg infrastruktur på kostnad av pasientbehandling, seier nestleiar i SV, Marian Hussein.

SVs stortingskandidat. Marian Hussein.

Marian Hussein er nestleiar i SV.

Foto: Javad M.Parsa / NT

Nestleiaren i SV er skuffa over at regjeringa ikkje hadde meir å koma med i forslaget til statsbudsjett som blei lagt fram i oktober.

– Me hadde håpa at dei skulle ta nokre grep som sikra at me klarer å fortsette å bygge sjukehus utan at det går utover pasientbehandlinga og dei tilsette sine arbeidsforhold. Og at me klarer å bygga sjukehusbygg som står seg over tid, som verken blir forsinka eller nedskalerte, seier Hussein.

Også Legeforeningen er kritiske til modellen slik den er i dag.

President i legeforeningen, Anne-Karin Rime

President i Legeforeningen, Anne-Karin Rime.

Foto: NRK

– Etter føretaksreforma har sjukehusa blitt bygde for små, med færre sengeplassar og rom og lågare kapasitet. Konsekvensane er dysfunksjonelle bygg som gir mindre, dårlegare og dyrare pasientbehandling og ei forverring av arbeidsmiljøet til dei tilsette. Modellen må endrast, seier president i Legeforeningen, Anne-Karin Rime.

Les også Fekk maskin til 32 millionar i gåve – får ikkje plass i splitter nytt sjukehusbygg

Runar Paulsen er styreleiar i Foreninga sykehuset vårt som samla inn 32 millionar til PET/CT-maskina ved sjukehuset i Ålesund.

Sjukehusutvalet føreslo endringar alt i vår

I mars i år kom sjukehusutvalet, som var oppnemnt av regjeringa, med ein rapport der dei anbefalte å endra måten sjukehusbygg blir finansierte på.

Dei føreslår mellom anna å redusera kravet til eigenkapital frå 30 til 10 prosent. Lågare rente og ei betre dekning av kapitalkostnadar.

Forslaga har vore ute på høyring.

Helse Stavanger har i sitt svar skrive at dei meiner forslaga er gode, men at dei ikkje går langt nok.

Dei ber om at ein større del av byggekostnadane kjem som eit tilskot og ikkje som eit lån.

Les også Budsjettsprekk kan gjere at pasientar må reise mellom to sjukehus i fleire år: – Det vil skje uhell

Mette Øfstegaard

Også Legeforeningen meiner at Regjeringa må gjera meir.

– Kravet om eigenkapital bør fjernast. Ein reduksjon i kravet frå 30 til 10 prosent kan bidra til at investeringar i sjukehusbygg kan koma raskare i gong, og forhindra at helseføretaka må spara ved å ta ned drift. Men det er viktig å presisera at dette ikkje vil gi sjukehusa større økonomisk handlingsrom, då lånebelastninga vil bli høgare, seier Rime.

Regjeringa lovar at noko kjem til å koma

Regjeringa sitt svar skal koma i løpet av vinteren.

Karl Kristian Bekeng er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet

Karl Kristian Bekeng (Ap) er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Esten Borgos

– Me kjem til å følge opp forslaga frå sjukehusutvalet og det skal koma i nasjonal helse- og samhandlingsplan som blir lagt fram om ikkje lenge, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Karl Kristian Bekeng (Ap).

– Det er viktig med ei grundig utgreiing og ein god runde i Stortinget på eventuelle endringar, dersom me skal gjera det. Og difor er det ønskeleg å gjera det i ein samla helse- og samhandlingsplan, legg han til.

Men kva konkrete endringsforslag som vil koma, kan statssekretæren ikkje seia noko om før det.

Finansdirektøren ved sjukehuset i Stavanger er tydeleg på kva dei treng.

– Me må ha ei større endring av finansieringa av større byggeprosjekt for at me skal kunne fullføre byggetrinn to på Ullandhaug, seier Ersdal.

Følger man skiltinga, ender man opp på en arbeidsplass. Lite her minner om et sjukehus i drift.
Foto: Øystein Otterdal / NRK