Hopp til innhold

Budsjettsprekk kan gjere at pasientar må reise mellom to sjukehus i fleire år: – Det vil skje uhell

Noregs største byggjeprosjekt går på ein budsjettsmell på nær ein halv milliard. Det kan føre til at du må ta blodprøven din ein stad og røntgen fleire kilometer unna.

Mette Øfstegaard

Mette Øfstegaard er ho uroa for både pasienttryggleiken, tilbodet og dei tilsette sine arbeidshøve ved det nye sjukehuset.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Mette Øfstegaard er ho uroa for både pasienttryggleiken, tilbodet og dei tilsette sine arbeidshøve ved det nye sjukehuset.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Landets største byggjeprosjekt er eit splitter nytt sjukehus i Stavanger. Det skulle eigentleg setjast i drift i 2024, men er no både utsett og langt dyrare enn planlagt.

Dei første bygningane, eller «byggetrinn ein», står i fare for å bli 450 millionar kroner dyrare enn kva Helse Stavanger har i lommeboka.

Pengane for byggetrinn to er ikkje på plass, so den byggjestarten er uviss. I verste fall vert det årevis med behandling på to ulike sjukehus.

Stavanger Aftenblad skreiv om budsjettsprekken først.

Dei tillitsvalde på sjukehuset fryktar at det vil gå utover pasientane.

Les også 1,2 millioner i bøter etter pasientdødsfall: – Sterkt beklagelig

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

– Det er kjempealvorleg

Mette Øfstegaard er føretakstillitsvald i Helse Stavanger og har tidlegare vore hovudtillitsvald for sjukepleiarane. Ho har følgd og jobba med det nye sjukehuset i årevis.

– For pasientane so vert det to sjukehus å ta omsyn til. Dei må kanskje ta blodprøvar ein plass, ta røntgen ein plass og ha oppfølging poliklinisk ein annan plass, seier Øfstegaard.

Planen var allereie å flytte berre delar av drifta over til det nye sjukehuset, og halde fram med noko behandling ved det gamle sjukehuset – medan byggjetrinn to var i gang.

Men sidan pengane manglar og byggjetrinn to kan bli utsett, kan denne todelte drifta vare i fleire år lenger enn planlagt.

Mette Øfstegaard

Øfstegaard har arbeidd som tillitsvald med nye SUS i årevis.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Øfstegaard har arbeidd som tillitsvald med nye SUS i årevis.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Øfstegaard meiner kreftpasientar vil få strålebehandling ein plass og resten av behandlinga ein annan stad.

– Psykisk sjuke pasientar med depresjonar må kanskje til Ullandhaug for behandling før dei sendast attende til Våland i ambulanse.

– Kvar er pasienttryggleiken i dette?

– Det uroar oss, for vi veit at det å frakte pasientar er ein risiko. Vi veit at når vi har frakta so og so mange pasientar, so vil det skje eit uhell eller noko vert gløymd, seier Øfstegaard.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Farting fram og attende med ambulansar mellom sjukehusa har ein viss risiko, meiner Øfstegaard. Ved mange nok slike turar, vil uhell skje.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Pandemi + krig = dyrtid

– Vi er i nett same situasjon som byggebransjen elles i Noreg. To år med pandemi og ein krig i Europa har ført til ein uventa høg inflasjon, seier Helle Schøyen.

Sykehusdirektør Helle K. Schøyen.

Schøyen er administrerande direktør for Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Ho er administrerande direktør for Helse Stavanger, og tykkjer dei no står i ein vanskeleg situasjon.

Særleg leit er det at ein ikkje kjem seg ut av det gamle sjukehuset i tide.

– Det kan krevje investeringar i gamle bygg som ein eigentleg ynskjer å flytte frå. Det kan forsterke utfordringa, seier Schøyen.

Det nye sjukehuset skal liggje om lag tre kilometer i luftlinje frå det gamle. Før det opnar skal mellom anna ein ny bussveg stå ferdig.

– Kva vil den todelte drifta ha å sei for pasientane?

– Dette sjukehuset har jo vore planlagt med todelt drift heilt frå ein starta å byggje. Vi har brukt tida godt, og vil bruke tida framover med innflytting på det nye sjukehuset til å førebu for ei fornuftig arbeidsdeling for medarbeidarar og for ein fornuftig logistikk rundt dette med å behandle pasientar, svarar direktøren.

– Er de uroa for pasienttryggleiken i og med at de kanskje må finne måtar å spare på drifta på?

– Flinke medarbeidarar vil alltid starte der: å vere opptekne av pasienttryggleik og at det er forsvarleg. Det er klart at det må legge premissane for korleis ein samhandlar med sjukehus på to lokasjonar, seier Schøyen.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

SUS på Våland, der det ligg i dag. Her vil det truleg vere drift lenger enn opphavleg planlagt. Psykiatrien skulle uansett bli att i dei gamle bygga.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vil bli vanskeleg for tilsette også

For det er jo ikkje berre pasientar som går i gangane på sjukehuset. Mange tilsette vil måtte jobbe på båe sjukehusa lenger enn planlagt, meiner føretakstillitsvald.

– Vi har rekrutteringsproblem på legesida og spesialistsida. Vi ser at legar og andre kan velje andre arbeidsplassar enn SUS når dei veit at dette skal skje over so lang tid, seier Øfstegaard.

Også direktøren seier at dei tilsette må sleppe å farte mykje mellom sjukehusa på ein einskild arbeidsdag, men at dei kan måtte jobbe måndag på eine sida av byen og tysdag på den andre.

– Korleis kan dette løysast?

– Nei, her må jo regjeringa kome og gje oss pengar slik at vi kan ta høgd for den sprekken som alle dei store sjukehusprosjekta i landet har. Dette er pengar dei berre må kome med, seier Øfstegaard.

Les også Meinar vi kan for lite om søvn – Tobias (7) skal hjelpe på det

Tobias sit på sengekanten på eit sjukehusrom med leidningar og elektrodar over heile kroppen. Han smilar og har nett vakna. Bak han ser vi maskiner som føl med på alt frå rørsler til pust og puls. Faren sit bak i ein stol.

Helse- og omsorgsdepartementet syner til Helse Vest på førespurnad om dei vil stille med ekstra pengar til sjukehusprosjektet.