Det siste døgnet er kommunen på ny råka av ein dramatisk rednings-aksjon til sjøs.
Ein tysk fisketurist blei sitjande på kjølen på båten sin i 17 timar etter at han kantra båten utanfor Rekefjord i Sokndal onsdag kveld.
I 10-tida torsdag blei han
Fire dødsulukker
58-åringen frå Tyskland var heldig og overlevde. Ikkje alle har vore like heldige. Sidan 2004 har det vore fire dødsulukker på sjøen i Sokndal kommune, der utanlandske turistar har vore råka.
- 2010: To polske dykkarar omkom.
- 2009: Ein tysk fiskar omkom.
- 2008: Ein russisk sjømann omkom.
- 2004: Tre tyske fiskarar omkom.
Etter
lanserte næringssjefen i Sokndal ideen om å laga ein video til dei utanlandske turistane om faren til sjøs.Trond Arne Pedersen, ordførar i Sokndal.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKMen til nå har ingen forsikringsselskap ønska å stilla med middel til det som etter planen skal bli ein nasjonal kampanje for betre tryggleik på sjøen.
– Me har søkt forskjellige stiftingar om pengar, men førebels har ingenting skjedd, seier ordførar i Sokndal, Trond Arne Pedersen (KrF).
Barsk natur
Pedersen seier kommunen kontinuerleg arbeider med å skaffa pengar til informasjonsvideoen og at dette er eit viktig arbeid.
– Det viktigaste er likevel at turistane har godt utstyr, skikkelege båtar med gode motorar, understrekar han.
Ordføraren seier dei som leiger ut båtutstyr i kommunen er blitt flinkare med åra, og at ein er blitt meir bevisste på å ha ting i orden.
– Naturen i Sokndal er barsk med ope hav. Det gjer det vanskeleg å vera heilt trygg på sjøen.