NRK Meny
Normal

– Utan redningsvest hadde eg garantert vore død

Tyske Hagen Schneider (58) har sitte oppå kjølen av den velta båten sin langt ute til havs i 17 timar. – Eg er svært glad at eg er i live, og kan sjå sonen min att, seier Schneider til NRK.no like etter han har blitt berga.

Schneider og sonen

Det var sonen til Hagen Schneider som varsla politiet om at faren ikkje kom tilbake frå fisketur i går kveld.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg fekk ikkje fisk og skulle snu med båten klokka 18 i går. Då kom det ei bølgje og velta heile båten, seier den tyske fisketuristen Hagen Schneider.

Dette skjedde utanfor Rekefjord i Sokndal der han og sonen leiger ei hytte.

Kom seg oppå båten

Over fem timar seinare var sonen så uroleg over at faren ikkje hadde kome tilbake frå fisketur, at han valde å varsla politiet.

Det blei sett i gang søk med redningsbåt og helikopter, men søket blei avslutta sidan det var så mørkt.

I mellom tida hadde Schneider lukkast med å koma seg oppå båten sin, som hadde velta.

– Det var hardt å symja til båten, og svært vanskeleg å koma meg oppå kjølen. Utan redningsvest hadde eg garantert vore død, seier Schneider.

Han hadde med seg ein mobiltelefon og ei lommelykt, som skulle vera vasstette, dette var i tilfelle ein nødssituasjon av denne typen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Lang natt

– Då eg kom meg opp på båten fann eg ut at desse ikkje var så vasstette likevel. Verken lommelykta eller mobiltelefonen virka.

Då leitearbeidet var over hadde tyskaren ei lang natt framføre seg drivande på ein velta båt.

– Natta var lang, våt og kald. Somme gonger slo bølgjene over hovudet mitt.

Men tyskaren heldt seg fast, og i dag tidleg byrja eit nytt søk. Både frå land, frå båt og frå helikopter.

Berga etter 18 timar på sjøen

I 10-tida i dag kom gladmeldinga frå Hovudredningssentralen.

Redningsskøyta «Peter Henry von Koss» oppdaga Schneider drivande utanfor Lista i Vest Agder fylke.

Det var då 18 timar sidan han la frå kai i Rekedal, og 17 timar sidan båten velta.

Redningsmannskapet i helikopteret fekk heist Schneider om bord, og frakta han tilbake til Sokndal og sonen sin.

– Eg er svært glad at eg er i live, og kan sjå sonen min att, seier ein lukkeleg Schneider.

Han har tatt seg ein lang dusj, men er framleis kald. Han har ingen planar om å ta ut på sjøen att med det første.