Hopp til innhold

Hydrogenferja må få drivstoff frå utlandet: – Eit miljøparadoks

Det finst ikkje norsk hydrogen til verdas første hydrogenferje. Derfor må reiarlaget henta drivstoff i Tyskland eller Frankrike – med dieseltrailer.

Verdens første hydrogenferje

Dette er dei siste teikningane av verdas første hydrogenferje som skal trafikkera i Hjelmeland-sambandet i Rogaland frå 2021.

Foto: LGM Marin/Norled

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er sjølvsagt eit miljøparadoks å henta hydrogen frå utlandet, seier klimaforskar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall.

I 2021 blir verdas første hydrogenferje sett i drift i Hjelmeland-sambandet i Rogaland av reiarlaget Norled. Den skal gå minst halve tida på hydrogen, resten på straum.

Men når reiarlaget ikkje får tak i flytande hydrogen i Noreg, må dei heilt til Tyskland eller Frankrike for å skaffa drivstoffet. Og det med tankbilar som mest sannsynleg vil gå på diesel, ifølge selskapet sjølv.

Carlo Aall

Klimaforskar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Med leveransar kvar tredje veke, blir det fort fleire tusen mil på vegane årleg med dei CO₂-utsleppa det medfører. Det for eit miljøprosjekt med mål om minst mogleg utslepp frå sjøtransporten.

– Miljøpolitikken er full av eksempel på at ein kjem i slike paradoks. Altså at ein har lyst til å gjera noko bra, men så må ein gjera det delvis bra før ein får det skikkeleg til, seier klimaforskaren.

Norled: – Ser paradokset

Naturvernforbundet i Rogaland er einig i at hydrogenprosjektet er eit miljøparadoks. Dei gir likevel ros til Norled som vågar å satsa.

– Det er ikkje optimalt å henta hydrogen frå utlandet for å drifta ei ferje i Jøsenfjorden. Men prosjektet er generelt spanande med kombinasjonen av elektrisitet og hydrogen, seier dagleg leiar Erik Thoring.

Norled bryt ikkje miljøkrava til prosjektet ved å henta hydrogen frå utlandet i oppstarten, men dei ser likevel miljøparadokset dette gir.

– Me ønsker sjølvsagt å få lokalprodusert hydrogen frå norsk elektrolyse, biogass eller andre fornybare kjelder. Håpet vårt er at dette prosjektet er med å få i gang produksjon i Noreg med lokal transport, seier teknisk direktør i Norled, Sigvald Breivik.

Ferjen «Hjelmeland»

Dagens ferjer i Hjelmeland-sambandet går på diesel.

Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

Har ikkje stilt krav til transport

Det er Statens vegvesen som står bak hydrogenferjeprosjektet og har tildelt kontrakten til Norled. Dei forklarer kvifor det ikkje er stilt krav til transport av hydrogen i miljøkrava på denne måten:

Sigvald Breivik

Teknisk direktør i Norled, Sigvald Breivik.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er for at det skulle vera mogleg for tilbydarane å delta i konkurransen så tidleg. Dette er eit pilotprosjekt og hydrogenmarknaden i Noreg er svært avgrensa i dag, seier prosjektleiar Camilla Røhme.

– Kunne dykk ikkje berre venta med hydrogen til det var lokal produksjon å få tak i, Sigvald Breivik i Norled?

– Det er litt som med høna og egget. Me er nøydde for å ha eit forbruk for å setja i gang produksjonen. Nå bidrar Norled til å få opp forbruket, så håpar me det kjem fleire prosjekt slik at hydrogen blir produsert i Noreg.

Målet til Norled er at det er mogleg å få tak i norskprodusert hydrogen innan 2024.