Med dette falske bilete, under dekknamnet Mona, lurte Trond Birkedal gutar til å kle av seg framføre webkamera.
Overgrepsdømte Trond Birkedal har meldt ein 21-åring for truslar på Facebook.
Mannen skal som tenåring ha vorte lurt til å sende nakenbilete til Birkedal.
«Grisebank»
Ifølgje Rogalands Avis har 21-åringen innrømma å skrive på Facebook-sida til Birkedal, men han erkjenner ikkje straffskuld for truslar, som er det siktinga går ut på.
Ifølgje advokaten hans, Anne Kroken, vart meldingane lagt ut i februar, då 21-åringen skjøna at dama han hadde chatta og utveksla nakenbilete med i røynda var den då overgrepstiltalte Trond Birkedal.
- Les òg:
21-åringen fekk sjokk og skal ha handla i frustrasjon og sinne.
Han skriv «Du blir drept en dag og du har lurt meg, og hvis jeg ser deg en dag, så får du grisebank» på Facebook-sida til Birkedal.
Melde saka etter råd frå Sjødin
– Eg meiner at han ikkje bør dømmast for dette, seier Kroken.
– Etter mi oppfatting burde denne saka vore lagt bort, når ein ser på omstenda rundt.
Birkedal vart tidlegare i haust dømt til fengsel i ni månader for mellom anna å ha lokka unge gutar til utuktig åtferd ved bruk av falske nettprofilar.
Trond Birkedal seier at han har meldt truslane etter råd frå advokaten sin, Arvid Sjødin, og ynskjer ikkje å kommentere saka meir.