Eit av tiltalepunkta som Trond Birkedal må svara for i rettssaka, som byrjar 7. februar, går ut på at han skal ha lurt barn under 16 år til å visa seg fram nakne via internett.
Dette gjorde han med å bruka dekknamnet «Mona», og leggja ut bilete av ei ung jente.
- Les òg:
- Les òg:
Unge gutar i bar overkropp
På nettsamfunnet «Hi5» ligg framleis profilen til «Mona» ute. Her finn ein profilbilete av ei ung jente i ei stove i to ulike positurar. Det står på nettsamfunnet at jenta nå er 23 år og kjem frå Stavanger.
«Venane» til «Mona» er, etter profilbileta å dømma, unge gutar, fleire i bar overkropp.
NRK har vore i kontakt med nokre av «venane», som ikkje sjølv kjenner til at dei er registrerte på nettstaden, og ikkje vil kommentera saka.
Profilen til denne ikkje-eksisterande unge jenta finst ifølgje Stavanger Aftenblad også på MySpace. Her skal ho vera 18 år gamal.
«Mona» sitt profilbilete på nettstaden «Hi5».
Foto: SkjermdumpErkjenner straffskuld
Ifølgje tiltalen skal Birkedal ha fått to 15 år gamle gutar til å visa seg nakne på webcam i perioden 2006 til 2007.
Den eine av gutane skal også ha sendt nakenbilete av seg sjølv til Birkedal, medan den andre skal ha blitt lokka til å onanera framføre kameraet.
Birkedal har erkjent denne delen av tiltalen.
I tillegg er han sikta for å ha produsert eller ha råda over framstilling som seksualiserer barn. Også dette ved ei rekkje tilfelle mellom 2006 og 2011 å gje seg ut for å vera «Mona».
Det var i mars i fjor den dåverande ordførarkandidaten til Stavanger Frp, Trond Birkedal, blei sikta for å ha snikfilma fleire unge gutar.
- Les òg:
Han erkjente filminga, men nekta for det mest alvorlege punktet i siktinga, seksuell omgang med ein 15 år gammal gut.
Forsvarar til Trond Birkedal, Arvid Sjødin, seier at dei ikkje vil kommentera saka om «Mona» i detalj.