– Regjeringa må koma med hardare kritikk mot Israel enn det dei gjer i dag, seier Eirik Faret Sakariassen frå SV.
Han var ein av dei som heldt appell under demonstrasjonen i Stavanger i dag. I sin tale kom han med fleire krav til regjeringa.
– Regjeringa må koma med ei kraftigare fordømming av bakkeinvasjonen, dei må innføre ein umiddelbar handelsboikott mot Israel, krevje stans i krigshandlingane og umiddelbart sette i gong eit arbeid for å yte medisinsk hjelp til krigsofra i Gaza, sa Sakariassen.
Eirik Faret Sakariassen
Foto: Hans Edward HammondsDet er berre ei veke sidan det sist var ein slik demonstrasjon i Stavanger. Men i dag møtte om lag 400 personar opp utanfor Domkyrkja, for igjen å vise sin motstand mot Israels framferd i Gaza.
– Krigshandlingane, og bombinga held fram, difor vel må å halde ein ny demonstrasjon så kort tid etter, seier Sakariassen.
- LES OGSÅ:
Det var fleire politiske parti og organisasjonar som stod bak demonstrasjonen i dag. Mellom anna Ap, AUF, SV, SU, Raudt, Miljøpartiet dei grøne, Venstre, Unge Venstre, Den norske kyrkja, Muslimsk fellesråd i Rogaland, Palestinakomiteen, og LO i Rogaland.
Det er no innført ei 12 timars våpenkvile i Gaza.
Om lag 400 menneske møtte opp til demonstrasjonen i dag.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK