NRK Meny
Normal

Frå Bali til Bore for å surfa

Dei kjem frå heila verda for å konkurrera i bølgene på Jæren. Dedi Gun frå Bali er ein av dei som deltek i Nordens største surfekonkurranse, på Borestranda.

Surfing på Bore

Dedi Gun testar bølgene på Borestranda på Jæren. Konkurransane i Nordic Surf Games starta i dag.

Foto: Anders Fehn / NRK

– I Bali surfar me to til tre gonger til dagen i varmt vatn. Så dette er veldig annleis. Det er kaldt, seier Dedi Gun.

Dedi Gun

Dedi Gun har teke turen frå Bali for å vera med på Nordic Surf Games.

Foto: Anders Fehn / NRK

Han har teke turen frå Bali for å vera med på Nordic Surf Games på Borestranda på Jæren.

Det er Nordens største surfekonkurranse, med totalt 60 deltakarar frå mange ulike land.

– Eg synst det er kult at det blir arrangert ein slik konkurranse i Norge, og at folk frå heile verda kan delta, seier Dedi.

I sanddynene sit ein annan som har reist langt.

– Det er veldig kaldt samanlikna med Brasil. Men eg synst bølgene er veldig bra, seier Roger Barros.

Nordic Surf Games

Publikum har også møtt opp for å heie fram sine eigne.

Foto: Anders Fehn / NRK

Andre året det blir arrangert

Nordic Surf Games starta i dag, og det skal konkurrerast over fire dagar, dersom forholda tillèt det.

Tore Kramer

Tore Kramer er sjef for Nordic Surf Games.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det er best forhold no. Så me prøver å køyre mest mogleg av konkurransane i dag. Men det er litt tidleg å seia korleis bølgene blir, fordi dei kan fort forandre seg, seier arrangør Tore Kramer.

Det er andre året på rad at Nordic Surf Games blir arrangert, og arrangøren trur det blir ein tradisjon.

– Det er forprosjektet til europameisterskapet i 2017 og 2018, så dette er ein konkurranse som har kome for å bli, seier Kramer.

Det europeiske surfeforbundet har nemleg bestemt at Jærstrendene er den beste staden å arrangera surfe-EM i 2017, og junior-EM i 2018.

Konkurrerer med gutane

Emilie Risa Mong

Emilie Risa Mong er ei av dei som skal konkurrera.

Foto: Anders Fehn / NRK

Blant dei som skal konkurrera i årets Nordic Surf Games, finn me også dei lokale.

– Eg skal konkurrera i juniorklasse som ei av tre jenter, resten av dei som konkurrerer i den klassen er gutar. Så det blir veldig spanande, seier Emilie Risa Mong frå Stavanger.

Og sjølv om reisevegen hennar er langt kortare enn for ein del andre i konkurransen, er det likevel ei spesiell oppleving.

– Du møter mange hyggelege folk frå mange ulike land. Og folk som har dei same interessene som deg sjølv, og så er det kjekt å få vist fram Jæren, seier Risa Mong.

Nordic Surf Games på Borestranda på Jæren

Bølgene på Borestranda er gode nok for dei beste i verda.

Foto: Anders Fehn / NRK