NRK Meny
Normal

For dårleg førebudd på krise og ekstremvêr

– I Eigersund ser ting ut til å ha blitt handtert på ein svært god måte, medan både Lund og Bjerkreim har betringspotensial, seier sikringsekspert etter «Synne».

Kajakkpadling i Bjerkreim

Utanfor kommunehuset i Bjerkreim var det mogleg å padla på parkeringsplassen under 'Synne'.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Flaumen i helga gjorde truleg skader for godt over 100 millionar kroner – og de enorme vassmengdene kom overraskande på de fleste.

Eivind Rake

Eivind Rake, førsteamanuensis i risikostyring og samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Mari Friestad / NRK

– Måten krisa har blitt handtert har variert frå kommune til kommune, seier Eivind Rake, tidlegare brannmann og førsteamanuensis i risikostyring og samfunnstryggleik ved Universitetet i Stavanger.

Han har følgt flaumsituasjonen etter ekstremvêret «Synne» tett frå sidelinja.

Eigersund best førebudd

– I Eigersund ser ting ut til å ha blitt handtert på ein veldig god måte, medan både Lund og Bjerkreim har betringspotensial. Desse kommunane var nok for seine med å "trykka på den raude knappen", medan Egersund hadde døgnkontinuerleg stab og sette i gang straks. Dette skuldast nok erfaringane dei har med flaum frå tidlegare.

Flom i Egersund

Flaumen har gjort store skadar i Sør-Rogaland.

Foto: Øystein Ellingsen, Foto:Øystein Ellingsen / NRK

Alle kommunar skal ha ein såkalla beredskapsplan for korleis kriser skal handterast – men denne er for dårleg i mange kommunar, meiner Rake.

–Det er som regel eit venstrehandsarbeid, særleg i dei små kommunane. Dermed har dei lite å spela på når det først skjer noko.

Førebygging, god planlegging, og klårleik i kva område som bør prioriterast, samt oversikt over ressursar er det viktigaste å ha på plass, meiner Rake.

Ekstremværet «Synne» har fått Bjerkreimsvassdraget til å flomme over. I Vikeså er kommunehuset evakuert, og nå vurderer de å stenge skolene.

Hele Vikeså låg under vatn under ekstremveret "Synne"

Tek lærdom frå hendinga

– Eg trur ikkje det er snakk om venstrehandsarbeid, men me har jo aldri opplevd noko liknande før. Det kom så vanvitig fort. Me venta nok kanskje litt lenge før me gjorde noko, seier ordførar i Bjerkreim, Torbjørn Ognedal.

Han meiner kommunen handterte flaumen på ein god måte, sjølv om dei ikkje var førebudd på omfanget.

Torbjørn Ognedal

Ordførar i Bjerkreim, Torbjørn Ognedal, innrømmer at kommunen kanskje venta for lenge med å handla.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

I Lund meiner ordførar Olav Hafstad at også dei takla situasjonen godt – trass alt. Men lærdommen frå ekstremværet kjem godt med.

– Gjennom denne opplevinga vil me få auka medvit kring katastrofar og beredskap knytt til dette. Eg er overtydd om at me lærer mykje gjennom slike hendingar.

FV51 i Tengsdalen etter Synne

'Synne' førte også til store skader på vegnettet, som her på FV51 i Tengsdalen i Bjerkreim.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Kor store skadar flaumen har ført til er ikkje godt å seia ennå, men ifølge Gjensidige kjem prislappen truleg til å komme godt over 100 millionar kroner. Førsteamanuensis Eivind Rake håper det fører til at fleire kommunar lager betre planer.

– Beredskap kostar, det må ein ta inn over seg. Det som nå skjer etter denne hendinga må koma fram i evalueringsrapportar som kommunane kan ta lærdom av.

Gå til forsiden

Se bildene fra oversvømmelsene i Bjerkreim

Kajakkpadling i Vikeså

Se bildene fra oversvømmelsene i Bjerkreim

15 bilder