Hopp til innhold

Folk har plyndra kyrkja

Tjuvar har stole lysekrone, kors, vask og toalett frå brannruinane til Kopervik kyrkje. Eg forstår ikkje korleis dei orkar å ha desse tinga i hus seier kyrkjeverje, Martha Lunde Medhaug.

Kopervik kirke sett ovenfra

Det har vore ubedde gjestar i kyrkjeruinane på Kopervik.

Foto: Tor Andre Johannesen

Nokon har valt å ikkje respektert det 2,5 meter høge gjerdet som har stått rundt Kopervik kyrkje etter at ho brann den 28. mai i år.

I dag starta rivinga av brannruinane, og det blei klart at tjuvar har vore inne å forsynt seg av eigedommen til kyrkjelyden.

Uforståeleg

– Spesielt sørgjeleg er det med eit kors som høyrer til ei lysekrone som me ville restaurere og ha i den nye kyrkja, seier kyrkjeverje Martha Lunde Medhaug.

Ho forstår ikkje korleis folk kan klara å ha desse tinga i heimane sine, når dei veit det høyrer til kyrkjelyden.

– Me ønskjer å få alt saman tilbake igjen, og håper at folk vil koma til oss viss dei har noko eller viss dei kjenner til noko, seier Medhaug.

Godt at ruinane skal vekk

Sjølv om ho finn det sørgjeleg at folk dei siste dagane har forsynt seg frå kyrkjeruinane, har kyrkjeverje likevel ein bra dag.

– Nå har me sett på brannruinane med eit halvt kyrkjetårn lenge, når store gravemaskinar nå fjernar ruinane er det litt spesielt, men det skal bli godt å få dei vekk seier ho.

Sjølv om dagen då kyrkja brann er ein dag ho nok helst vil gløyma, seier ho at den har brunne seg inn i minnet hennar.

Høyr intervjuet med kyrkjeverje mens kyrkja sto i brann i vår:

Ny kyrkje

Kor tid og kor det blir ei ny kyrkje er framleis uvisst.

– Me reknar med at ei ny kyrkje ikkje vil kunna bli reist før om fire til fem år, seier kyrkjeverje.

Ho seier at forsikringsoppgjeret vil ha mykje å seia for korleis kyrkja blir, og for kor mykje pengar dei må søkja kommunen om.

Video Riving av Kopervik kirke

Tysdag starta rivinga av kyrkja som brann i mai.

Flere nyheter fra Rogaland