Vegvalet til KrF har blitt haustens store thriller i politikken, og det nærmar seg skjebnedagen. Under landsmøtet 2. november skal KrF nemleg velje om dei vil samarbeide til venstre eller høgre.
20 prosent av medlemsmassen i KrF er ifrå Rogaland, og meininga til fylkespartiet vege tungt for KrF på landsbasis.
I tillegg har KrF fått over 300 nye medlemmer i Rogaland, etter at partileiar Knut Arild Hareide slo fast at han vil gå inn i regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
Etter at stemmene er tald opp i Nye Stavanger KrF tirsdag kveld, er det sju som støttar Solberg-regjering, og berre to som støttar venstresida.
Det betyr truleg at fylkespartiet i Rogaland går inn for Solberg-regjering.
– Aldri vore med på liknande
Ein som er nytt medlem er Hans Marius Våga.
– Eg har aldri vore medlem i eit politisk parti. Men då eg høyrde talen til Hareide, då han gav sitt råd, ropte eg til kona mi og sa at no kan me endeleg stemma KrF, seier Våga og ler.
Same dag melde han seg inn i partiet.
– Eg har aldri stemt KrF før. Eg har alltid vore samd i dei fleste synspunkta dei har, men i mitt hovudet har dei vore for høgrevridd i norsk politikk. Sjølv om dei har kalla seg eit sentrumsparti, har dei ikkje vore det slik eg ser det, seier Våga.
Nøgd fylkessekretær
Tirsdag kveld var han på sitt første politisk møte i Stavanger for å støtta venstrefløya i partiet.
– Er det ein anledning må det vere no, seier Våga.
Fylkessekretær i Rogaland KrF er svært nøgd med nye partimedlemmer.
– Dette er moro. Eg har aldri vore med på liknande, seier Olav Eggebø Aanonsen.
– Men så er spørsmålet om folk melder seg ut igjen om ikkje venstresida vinn fram?
– Eg trur at ein del kan gjere det. Eg er nok ein av dei, men eg har ikkje bestemt meg, seier Hans Marius Våga.