Hopp til innhold

Iselin slutta som sjukepleiar på grunn av korona-presset

Arbeidspresset for sjukepleiarar under koronapandemien er så stort at fleire har slutta i jobben eller vurderer å gi seg. Fridagar i jula står også i fare.

Iselin Snare

Iselin Snare jobba som sjukepleiar fram til koronakrisa. Ho slutta på grunn av arbeidspresset.

Foto: Privat

– Eg fekk ikkje til å sove lenger, seier Iselin Snare.

Ho var inntil nyleg sjukepleiar i Tysvær kommune. No har ho slutta.

– Eg jobba berre nattevakter, og så innførte dei koronaturnus. Då byrja me å gå lengre vakter, seier Snare.

Dermed blei det fleire arbeidsoppgåver, vakta starta tidlegare på kvelden og ho jobba til lenger om morgonen.

– Det øydela rett og slett søvnmønsteret mitt. Som regel gjekk eg på jobb med berre eit par timar søvn, seier Snare.

No jobbar ho i familiebedrifta, men utelukkar ikkje at ho kjem til å jobbe som sjukepleiar igjen i framtida.

Sykepleier med smittevernsutstyr

SLITNE SJUKEPLEIARAR: Norsk sjukepleiarforbund slår nå alarm og svært slitne sjukepleiarar etter fleire månader med koronapandemi. Dei krev nå fulle stillingar og ei god grunnbemanning. Illustrasjonsfoto.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Blir utslitne

Låg bemanning, ekstravakter, lokale smitteutbrot og koronakarantenar røyner på for helsepersonell over heile landet.

– Me får tilbakemeldingar om sjukepleiarar som vurderer eller har slutta i jobben. Arbeidsbelastninga er veldig stor. Folk jobbar doble vakter og er leie seg på jobb, seier fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund i Rogaland, Aud Riise.

Aud Riise

Fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund i Rogaland, Aud Riise.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Leiarmedlemmer i sjukepleiarforbundet i Rogaland rapporterer om at alt tilgjengeleg ekstrapersonell er brukt opp. Tilsette i reduserte stillingar jobbar 100 prosent og vel så det.

I tillegg blir det meldt om ein overtidsbruk som før eller seinare vil gå ut over helsa til dei tilsette.

– Situasjonen ved nokre einingar og avdelingar er så prekær at det kan bli utfordrande å komma seg gjennom dei neste månadane, julehøgtida inkludert, på ein fagleg forsvarleg måte, seier Riise.

Får ikkje julefri

Dette gjeld også for andre delar av landet, sjølv om situasjonen kan variera, ifølge sjukepleiarforbundet.

– For låg bemanning og for høg belastning over tid fører til at også helsepersonellet blir sjuke, eller vel å gå over til andre yrke. Det er alvorleg i ein situasjon kor me er avhengig av å behalde alle sjukepleiarane me har, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen.

Sjukepleiarforbundet opplever nå eit press frå arbeidsgivarar om at fleire skal gå med på, eller at dei blir beordra, å arbeida også på dagar dei skulle hatt fri.

Tove Elise Madland, fungerende ordfører Vindafjord

Tove Elise Madland (Ap) er fungerande ordførar i Vindafjord.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Det arbeidsgivarar må ta innover seg er at sjukepleie er eit yrke og ikkje eit kall. Også sjukepleiarane treng kvile, og derfor må det blir gjort grep for å rekruttera og behalda fleire, seier Larsen.

Vindafjord i Rogaland er blant kommunane som er hardt råka av smitte. For fleire helsearbeidarar ryk juleferien.

– Me er veldig pressa. Tilsette har fått inndratt ferie, blitt beordra til jobb og flytta mellom ulike einingar. Men dei pårørande skal vera trygge på at deira kjære får forsvarleg helsehjelp, seier fungerande ordførar Tove Elise Madland (Ap).

Uroa helseminister

Helseminister Bent Høie (H) er uroa for bemanningssituasjonen i helsevesenet.

– Derfor er det så viktig at me lukkast i arbeidet med å slå ned smitten og unngå ein situasjon der smitten aukar. Då vil problema forsterka seg.

Bent Høie i Drammen, oktober 2020.

Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Høie seier regjeringa har avhjelp kommunane gjennom kompensasjonsordningane. Det er laga eit nasjonalt register over tilgjengeleg helsepersonell. Nye pengeløyvingar blir kontinuerleg vurdert.

– Men hovudutfordringa er ikkje pengane, men tilgjengeleg personale, seier Høie, som legg til at han er ekstremt takknemleg for innsatsen som blir gjort i helsetenesta.

Ifølge fylkesleiaren i sjukepleiarforbundet i Rogaland er det viktigaste tiltaket på kort sikt å få alle i deltidsstillingar opp i fulle stillingar.

– Dei langsikte tiltaka er god kompetanse og ei god grunnbemanning, seier fylkesleiar Aud Riise.