Hopp til innhold

Fjellvettfest i Byparken

Med Karsten og Petra-premiere som trekkplaster, inviterte Stavanger turistforeining til fjellvettfest i Byparken laurdag.

Fjellvettfest i Byparken

Fjellvettfesten starta med pølser, popkorn og grilling av marshmallows.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

350 barn og vaksne deltok på fjellvettfesten i Byparken, der målet var å læra meir om dei nye fjellvettreglane som vart lansert for eit år sidan (sjå faktaboks).

Arrangementet i regi av Stavanger turistforeining og SF kino starta med pølser, popkorn og grilling av marshmallows, før turen gjekk til kinoen i Stavanger og førpremiere på filmen «Karsten og Petra på tur». Ein film som handlar om turglede, kjærleik og fjellvettreglane.

Stavanger Turistforening inviterte til fjellvettfest

– Det heile blei utseld kjapt då billettane blei lagt ut for halvannan til to veker sidan. Nå er nok Karsten og Petra eit trekkplaster i seg sjølv for små barn, men det er veldig kjekt å sjå at så mange er opptatt av å ha med ungane på eit arrangement som dette, seier kommunikasjonsrådgivar Henriette Gill i Stavanger turistforeining.

  • LES OGSÅ:
Henriette Gill

Henriette Gill, kommunikasjonsrådgivar i Stavanger turistforeining.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Aldri vore kommunisert til barn

Heile 80 ulike Barnas Turlag (aktivitetar turistforeininga tilbyr barn og barnefamiliar) over heile landet inviterer i perioden 4.–14. mars til arrangement i forkant av filmvisninga.

– Fjellvettreglane har eksistert i 60 år, men dei har aldri vore direkte kommunisert til barn. Eg veit ikkje kvifor, fordi det er veldig viktig å etablera gode turvanar heilt frå starten av. Ofte er det oss foreldre som gløymer kva me må hugsa på ute på tur, og då er det ganske greitt å få påminningar frå dei minste, meiner Gill.

Sibel Gauthun Kilinc

Sibel Gauthun Kilinc var blant dei 350 som koste seg på arrangementet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Viktigast å ha det gøy

Ho meiner Karsten og Petra-filmane er gode pedagogiske filmar som ikkje berre gir underhaldning og lærdom for dei minste, men også kan gi læring til dei vaksne.

– Og kva er den viktigaste fjellvettregelen?

– Det er å ha det gøy og minna seg sjølv på dei andre fjellvettreglane.

Dei nye reviderte fjellvettreglane blei lansert i fjor