Hopp til innhold

Nye krav halverer fangsten – fiskeopprør langs heile kysten

RYFYLKE (NRK): Fiskarar må kasta 120.000 fullt brukbare teiner på grunn av nye krav. Rekninga blir opp mot 100 millionar kroner, ifølge fiskenæringa.

Joachim Langvik

Yrkesfiskar Joachim Langvik (26) frå Skiftun i Ryfylke står i front blant 70 leppefiskarar over heile landet som krev stopp i nye krav til teineopningar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er nokon som sit på eit kontor og lagar reglar som er heilt utan meining, seier ein frustrert yrkesfiskar Joachim Langvik (26) frå Skiftun i Ryfylke.

Han er blant fiskarane som står i front i eit landsomfattande fiskeopprør.

Om lag 70 leppefiskarar står bak ei aksjonsgruppe og krev at fiskeriministeren ordnar opp.

Bakgrunnen er at dei som fiskar etter leppefisk har fått krav om mindre opning på teinene (sjå faktaboks).

Dette for at styresmaktene vil sikra bestandane av leppefisken. Fisk som er kjent som effektive luseetarar i fiskeoppdrett.

Må kjøpa nye teiner til 200.000

Krava gjer at den unge Ryfylke-fiskaren må skaffa 400 nye teiner til ein prislapp på 200.000 kroner.

Joachim Langvik

Fiskar Joachim Langvik kan tena 8-900.000 kroner på leppefiske på ein sesong.

Foto: privat

– Det er ein stor ekstrakostnad. Leppefiske er også viktig for rekrutteringa til fiskaryrket. Det blir store konstnakostnadar for dei nye i bransjen, seier Langvik.

Aksjonsgruppa hevdar dei nye reglane halverer fangsten, slik at fiskarane må arbeida dobbelt så mykje for å ta kvoten.

Totalt må dei omlag 400 leppefiskarane her i landet kasta over 120.000 fullt brukbare teiner og kjøpa nye frå Kina. Rekninga blir på mellom 50 og 100 millionar kroner, ifølge næringa.

leppefisk

Leppefisken blir omtalt som «havets gull» fordi opprettarane betalar godt for fisken.

Foto: privat

– Vedtaket ikkje basert på forsking

Ifølge fiskeriadvokat Jørgen A. Stubberud foreslo Havforskingsinstituttet langt mindre inngripande tiltak.

Nemleg maksimalmål på berggylt og 75 millimeter teineopning. Likevel vedtok Fiskeridirektoratet eit krav om 60 millimeter.

– Dette vedtaket var dermed ikkje basert på forsking, men framstår som basert på rykte og udokumenterte mistankar om at nokon utnyttar bifangsten ulovleg, seier advokaten som er engasjert av fiskarane.

I staden for å legga skulda på alle fiskarane kollektivt, burde ein heller straffa dei som blir tatt for ulovleg fiske, meiner advokaten.

– Det førelegg for lite forsking. Sjølv om Havforskingsinstituttet i etterkant uttrykker støtte til det nye kravet er totalbiletet eit inngripande vedtak basert på for tynn forsking, seier advokat Stubberud.

Fiskeriministeren: – Vurderer tilpassingar

Etter at NRK tok opp saka med fiskeriministeren, har han gått i dialog med leppefiskarane. Statsråden har blitt kontakt av mange om det nye regelverket.

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

– Me vurderer om me skal gjera tilpassingar på dei nye krava, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Konkret går det på om forskrifta som set krav om mindre teine-opning skal utsetjast.

– Men fiske etter leppefiske må regulerast slik at me har ei berekraftig forvaltning, seier fiskeriministeren.

For yrkesfiskar Joachim Langvik står det sesongbaserte leppefiske for 70 prosent av inntekta.

Han er positiv etter at han sjølv har snakka med fiskeriministeren.

– Han har lova å koma med ei fornuftig løysing. Det vil vera positivt for heile fiskenæringa. Ikkje minst rekrutteringa i Sør-Noreg.

Sesongen for leppefiske er frå 17. juli til 20 oktober sør for Stad og frå 31. juli til 20. oktober nord for Stad.