Hopp til innhold

– Dei gamblar med livet

Elvefiskarar utan flytevest fiskar med livet som innsats, meiner dagleg leiar i Bjerkreim elveeigarlag, Torill Dalene Gjedrem. Men fiskarane sjølv er lite interesserte i å sikra seg.

Laksefiske

LAKSEFISKE I BJERKREIMSELVA: Heilt ved elvekanten ventar han på napp. Fisken som bit på kan vera fleire kilo tung. Det er eit sjeldan syn å sjå laksefiskarar med flytevest i den flaumstore elva i Bjerkreim.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Torill Dalene Gjedrem

Torill Dalene Gjedrem er leiar i Bjerkreim elveeigarlag.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

I dag er det ei veke sidan ein 83 år gamal tysk fisketurist døde etter han fall i Storelva i Stryn.

I kraftige vassdrag på Vestlandet er laksefiske ein farleg risikosport, seier Torill Dalene Gjedrem, som er leiar i Bjerkreim elveeigarlag.

– Lite macho med vest

Ho finn det urovekkjande at det er svært få som sikrar seg med flytevest.

– Mange stader langs elva er det rullestein, og det kan vera vondt å stå. Ein kan fort mista fotfestet. For dei som brukar vadebukser, vil desse bli veldig tunge om dei blir fylt med vatn, åtvarar Dalene Gjedrem.

Men fiskarane bryr seg ikkje. Dei fleste er menn. Det er lite macho å bruka redningsvest, seier Roy Bymann, som fiskar i Bjerkreimselva.

– Det er ein gong slik at me held oss inne ved grunna, særs me som fiskar med flue. Då må eg berre innrømma at flytevest kjem litt i andre rekkje, seier Bymann.

Les òg:

Leiteaksjon i Oldenvatnet

83-ÅRING OMKOM: For ei veke sidan døydde ein tysk turist i Sogn og Fjordane. Han fall i Storelva då han stod og fiska.

Foto: Arne Vik

Vil ikkje ha påbod

Norges jeger- og fiskeforbund skulle gjerne sett at fleire fiskarar brukte flytevest langs elvane.

Likevel ønskjer dei ikkje eit påbod, på same måte som fiskarar i båt må ha redningsvest i båten.

– Eg trur ikkje eit påbod er vegen å gå. Heldigvis er trenden at fleire og fleire brukar redningsvest i båt, det skulle me ønskt var trenden også hos sportsfiskarane, seier fiskekonsulent, Øivind Fjellseth, i Norges jeger- og fiskeforbund.

Roy Bymann

Roy Bymann kunne brukt redningsvest, dersom den var utforma som ein fiskevest.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Men fiskarar NRK har vore i kontakt med, er lite interesserte i å bruka flytevest.

– Me går ikkje uti der straumen er stor

– Nei, eg har aldri brukt flytevest, sjølv om det nok er ganske dumt.

– Det er første dagen eg er ute i dag, så eg tok ikkje med flytevestane.

Dette er svara me får frå Frode Eiane og Ole Pedersen frå Danmark. Dei nyttar vadebukse i staden for redningsvest.

– Me passer veldig godt på å ikkje gå uti der straumen er stor.

Dei to danskane står på knausar der elva er stri. Etter å ha fått tenkt seg om, seier dei at dei ville ha nytta seg av redningsvest dersom det hadde vore eit påbod.

Roy Bymann saknar ei oppfinning som gjer at det blir kult å bruke redningsvest i elva.

– Noko som kunne ha erstatta ein fiskevest, med dei same lommene og funksjonaliteten. Hadde det kome, trur eg redningsvest hadde vore tingen, seier han.

Det gjer i alle fall eit lite håp om haldningsendring hos fiskarane, meiner Torill Dalene Gjedrem. Dersom ein fiskar blir tatt av straumen, kan det fort stå om livet, understrekar Gjedrem.