Hopp til innhold

– 600 kilo meir laks i elva i år

Det går mot ein eventyrleg laksesesong i heile landet. I Tengselva i Eigersund har det så langt i år blitt tatt 600 kilo meir laks enn på same tid i fjor. – Fisken hoppar overalt, seier laksefiskar Trond Johansen.

Trond Johansen har fanga ein 9,6 kilo laks i Tengselva

I går tidleg beit denne laksen på 9,6 kilo på fluga til Trond Johansen, som fiskar i Spinnerihølen i Tengselva i Eigersund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Både i Rogaland, og andre stader i landet, har det så langt blitt fiska uvanleg mykje laks. Og berre midtvegs i sesongen blir det varsla om rekordår for laksefisket.

Fanga laks på 9,6 kilo

Trond Johansen frå Stavanger har mange års erfaring frå Tengselva i Eigersund. I går beit det godt på flua hans i Spinnerihølen i Tengs-fossen.

– Fisken hoppar overalt og heile vegen, det er sjukt mykje fisk i elva nå, seier Johansen.

For berre tre timar sidan var sist han hadde napp.

– Eg var så heldig å fanga ein på 9,6 kilo på fluga. Han tok godt ut og det var ein god «fight», seier den svært glade laksefiskaren.

Men Trond er ikkje aleine om å hala opp laks frå elvane. Det ligg an til den beste laksesesongen på ti år i mange elvar rundt om i landet, ifølgje magasinet Jakt og Fiske.

Kan bli tidenes beste laksefiske i Rogaland

I Rogaland var det rekordår i fjor, og i kommunane Suldal, Hå, Dirdal og Ogna er rapportane midt i sesongen på auke frå fjoråret. Dermed kan det bli tidenes laksefiske her.

I Tengselva er auken så langt på nærmare 15 prosent, seier nestleiar i elveeigarlaget der, Odmund Fotland.

– I fjor blei det tatt 3,4 tonn i juni og juli. I år er dette talet på 4 tonn. Det er 600 kilo meir laks enn i fjor så langt. Dermed kan det sjå ut som om det blir rekordår, seier Fotland.

Per Jan Ødegård

Per Jan Ødegård sin personlege rekord er på langt over hundre laks på ein sesong. Så langt i år har han tatt 49, i går prøvde han lukka i Ogna elva i Hå.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg har tatt 49 laksar så langt

Medan laksefisket i Tengselva er for dei få, er det motsett i Ognaelva i Hå.

Der kan kven som vil fiska for 120 kroner i døgnet. Noko Per Jan Ødegård veit å verdsetta. 49 laks har det blitt hittil i år.

– Eg har fått 49 fiskar så langt, det er veldig kjekt å sei. Men personleg rekord for meg blir det nok ikkje, den er på langt over hundre, seier han.