Hopp til innhold

Fire til sjukehus etter frontkollisjon på Sola

Ein person er alvorleg skadd etter at to bilar kolliderte på Solasplitten utanfor Stavanger natt til søndag.

Ulykke Solasplitten 21. mai.

FRONT MOT FRONT: De to bilane kolliderte på vegen som har midtdelar.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

– Føraren av bilen som kom over i motsett køyrefelt er alvorleg skada. Dei tre i den andre bilen er alle lettare skada, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Olaug Bjørnsen til NRK søndag morgon.

Fire personar var i natt involvert i ei alvorleg trafikkulykke på Solasplitten i Rogaland.

Dei fire som sat i dei to bilane blei frigjorde frå vraka og frakta i ambulansar til Universitetssjukehuset i Stavanger.

Dei to bilane har svært store skader.

Ulykke Solasplitten 21. mai 2023

Begge bilane har store skadar i fronten.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Ulykka vart meld litt etter klokka 2 på riksveg 509 i retning flyplassen. Det var tjukk tåke då ulykka skjedde.

Den eine bilen skal ha køyrt i feil retning på vegen som er ein tofelts motorveg med midtdelar. Fartsgrensa på staden er 80 kilometer i timen.

– Kvifor bilen kom over i motgåande køyrefelt veit me ikkje. Me har tatt blodprøve av førar. Det er ein mann i 40-åra. Dei tre i den andre bilen er unge personar, seier Bjørnsen til NRK.

Politiet vil no etterforska saka vidare.

– Alvorleg

Operasjonsleiaren i politiet Jostein Reiestad sa i natt til NRK at ulykka var alvorleg.

Reiestad hadde då ikkje oversikt over kva slags skader dei fire har, men seier at ei ulykke i den farten front mot front alltid er alvorleg.

Han seier politiet skal ta blodprøve av føraren av bilen som køyrde mot køyreretninga. Vedkommande er blant dei fire som er frakta til sjukehus.

Vestgåande køyrefelt var sperra etter ulykka. Litt etter klokka 5 søndag morgon vart vegen gjenopna.